Hopp til innhold

Slik kuttar du på bryllaupsbudsjettet

Her er Kathrine Sørland sine bryllaupstips til korleis du kan spare pengar - utan å kutte på opplevinga.

Bryllupsfest.

Her er Kathrine Sørland sine tips til korleis du kan kutte bryllaupsbudsjettet - utan å kutte på opplevinga!

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Kathrine Sørland

Kathrine Sørland driv Agape Brudekjolesalong i Oslo og gir deg her tips til korleis du kan kutte ned på bryllaupsbudsjettet.

Foto: NRK

Går du med gifteplanar er det greitt å tenkje over at kostnadane fort kan bli større enn først tenkt.

– Finn raskt ut kva slags bryllaup du vil ha og bruk god tid på avgjerdene du tek. Då slepp du store bomkjøp og det er enklare å planlegge kva som er viktig og kva du ikkje treng å bruke pengar på, er Kathrine Sørland sine råd.

Som bryllaupsekspert og brudesalongeigar, veit ho kva ein kan spare pengar på ved bryllaup - utan å ta vekk gleda.

Lokale

Bryllup

Lokalet kan like godt vere ute i ein vakker hage. Sjekk om nokon i familien har ein eigendom som kunne passe. Då vil lommeboka smile til deg.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Når det gjeld lokale er det mange måtar å spare pengar på. Undersøk nøye kva som er i ditt område.

Det er ofte stor forskjell på pris utan at det er store forskjellar på andre ting. Som eksempel er det ofte stor prisforskjell på kva som er i sentrum og det som er litt meir usentralt.

Har ein familie med for eksempel stor, flott hage kan det vere greitt å bruke den om ein vil ha utebryllaup.

Mat og drikke

Det er mogeleg å gjere både maten og drikka litt billigare. Det kan vere lurt å sjekke forskjellege cateringfirma opp mot kvarandre.

Om du har vald ein stad der drikke ikkje er inkludert kan ein for eksempel ta ein harrytur eller to til Sverige. Uansett er det ofte billigare at drikke ikkje er inkludert.

Når det gjeld bryllaupskake er det store forskjellar i pris. Det kan vere lurt å sjå ut av byen. Undersøk kakemoglegheitene utanfor storbyen og gjerne på mindre konditori.

Kjolen

Brud 2

Kanskje du velger å bestille kjolen over internett? Då kan du spare mykje pengar, men pass på at du ikkje blir lurt!

Foto: Richard Drew / Scanpix/AP

Du kan spare mykje pengar på å kjøpe kjolen på internett, men her må du vere forsiktig. Du kan vere veldig heldig å finne draumekjolen til ein mykje mindre penge, men du kan og vere uheldig.

Oppsøk profesjonelle nettbutikkar og ver skeptisk til uprofesjonelle selgarar, som for eksempel privatpersonar.

Veljar ein å kjøpe ting over nett er det viktig å sjekke at betalingsforma er skikkelig slik at ein ikkje blir lurt. Det kan fort lage ei stor sprekke i budsjettet.

Blomster

Blomsterbukett med kvitveis og maigull

Kva med å plukke buketten din sjølv? Kanskje kjenner du nokon som kan sette den saman for deg? Då vil du få ein personleg og ikkje minst billig bukett!

Foto: Trude Haug

Om det er sommar når bryllaupet skal stå er det mykje flott i naturen. Her kan ein spare mykje – og det kan lage den ekstra personlege stilen i bryllaupet.

Bordkort, invitasjon osv

Her er det lurt å sjekke hobbybutikkar. Om ein lagar invitasjonar og liknande sjølv får ein eit personleg preg på bryllaupet og det kan bli vel så pent. Er ein flink kan ein få til fantastiske kort og invitasjonar!

Bruk nettverk

Ofte kjenner ein folk som kan forskjellege ting som det kan vere greitt å få hjelp til når ein skal planlegge bryllaup.

Kanskje er det nokon i familien som er flinke til å bake kake – då slepp ein å bestille alt. Til og med bryllaupskaka kan bli meir personleg om den er heimelaga.

Men her er det viktig å tenkje over at andre ikkje tek over planlegginga. Pass spesielt godt på mor og svigermor!

Andre tips

Det kan vere lurt å tenkje over kor mange som skal vere med på heile bryllaupet. Kanskje kan ein berre ha næraste familie til middag og resten til fest seinare. Med kake og liknande som familie har vore med på å lage vil ein stor del av budsjettet forsvinne.

Ønsk pengar i staden for gåver til bryllaupet. I nokre land er dette meir vanleg enn i Norge. Med pengar i gåve kan ein planlegge det inn i den store dagen.

De fleste i Norge giftar seg i sommarmånadane, då er det ofte dyrare å leige lokale osv. Kanskje er det mogeleg å velje ein anna månad.

Er det mogeleg at bryllaupet kan bli avlyst, som ved sjukdom i familie kan ein vurdere å ta opp ei bryllaupsforsikring. Om noko skulle gå gale kan det vere greitt å ha.

Har du gode sparetips? Del dine tips her!

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)