NRK Meny
Normal

Slik blir du lurt i TV-butikken

Nordmenn har brukt ti-tals millionar på nye flatskjermar. Sjeldan har folk brukt så mykje pengar på noko dei kan så lite om, seier ekspertane. Sjå salstriksa her.

Gisle Orlund.

- Folk kjøper usedvanleg mange dårlege produkt til vanvittige prisar, meiner Gisle Orlund.

Foto: Eirik Kleiven, NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Før året er omme har vi nordmenn kjøpt 675 000 heilt nye TV-apparat, spår elektronikkbransjen. Flatskjermhysteriet har herja landet i årevis. Men med veggen av TV-apparat som møter oss i butikkane er det lett å falle i fella.

Blitt lurt?

Forbrukerinspektørene har vore på inspeksjon i fleire butikkar som sel flatskjermar. Med oss har vi hatt frilansjournalist Gisle Orlund, ein av landets fremste ekspertar på flatskjermar. Hans konklusjon er klar:

- Sjeldan har folk brukt så mykje pengar på noko dei har så lite greie på. Det har vore selt usedvanleg mykje dårlege produkt til heilt vanvittige prisar.

LES OGSÅ: Elkjøp vil rydde opp .

Her er tre punkt du må passe på når du går i ein av kjedene for å handle deg ny flatskjerm:

1. Butikkmodus

Flatskjermar i butikkane er ofte stilt heilt feil inn i forhold til det TV-bildet du brukar heime. Fabrikkane har eigne innstillingar for bruk i butikkane. Der er kontrastnivået og farge opp mot maksimalt nivå (100 prosent).

Dette gir eit veldig skinnande bilete i butikken, men er ubrukeleg når du kjem heim. Denne innstillinga i butikken gir ikkje eit riktig bilde av korleis du vil få det heime. Men dette er det ikkje alle seljarane som fortel deg.

Orlund seier at nesten alle butikkar gjer dette. Hovudgrunnen er å få selt fleire fjernsyn, og for at dette får flatskjermen til å sjå bra ut i butikken som ofte har mykje overlys.

Han synest ikkje det er bra at selgarane ikkje opplyser om dette, men ofte skyldar på at det er heilt tilfeldig eller at det er fabrikken som har stilt det inn sånn.

Eksperten sitt råd:

  • Be om fjernkontroll. I dag er det fleire butikkar som ikkje har fjernkontroll tilgjengeleg.
  • Sjekk i menyen på innstillingane at farge og kontrast står på eit normalt nivå. Eit godt utgangspunkt er at farge og kontrast er på omlag 50 prosent (varierar etter kor mykje lys du har i rommet).
  • Sjå etter det svarte i bildet. Er det umulig å sjå knappane eller strukturen på ei mørk jakke, så har du eit feil innstilt TV-bilete. I butikkmodus er ofte svartfargen så kvass at du ikkje ser nyansane i det svarte.
  • Sjekk at fjernsyn som butikken samanliknar opp mot kvarandre har same innstilling i menyen. Viss ikkje er det lett å bli lurt/tiltrekt av dei skarpe fargane, utan at det nødvendig gir eit betre TV-bilete når du kjem heim i eiga stove.

Spør og få svar fra FBIs teknologieksperter .

2. Ubrukeleg målestokk

I dag kan du få fjernsynsapparat som seier dei har eit kontrastnivå på 1:5000. Samtidig lanserar Philips no ein ny TV med eit kontrastnivå på 1:2.000.000.

I utgangspunktet fortel desse tala kontrasten mellom svart og kvit. Problemet er at bransjen ikkje er samd i kva målestokk ein skal bruke. Dette gjer at denne informasjonen blir irrelevant.

– På mange måtar blir dette som at bilbransjen ikkje skulle vere samd i kor fort ein kilometer i timen er. Det blir som om at Fiat og Opel hadde heilt ulik oppfatning av kor fort 50 km/t eigentleg er, seier Orlund.

Eksperten sitt råd:

  • Dette er i utgangspunktet berre leik med tal. Det seier deg ingenting om kvaliteten. Det er like greitt å berre sjå bort frå desse tala.

3. Analoge signal

- Dei fleste butikkar sender i dag teiknefilmar eller animasjonsfilmar i butikken, eller dei bruker å sende kanalar med såkalla HD-signal. Problemet er at i dag er det svært få av dei vanlege kanalane som sender sine mest sette program i dette formatet. Det vil ta mange år før NRK, TV2 og TVNorge sender alle sine program i HD-kvalitet.

Resultatet er at du får eit mykje dårlegare TV-bilete når du kjem heim i di eiga stove. Sender dei amisjonsfilmar i butikken er det veldig vanskeleg å skilje ein god TV frå ein dårleg TV, sier Orlund.

- Dette er eit av dei eldste triksa i bransjen. Det å kjøpe TV i mange kjedebutikkar blir som å velje seg bil rett frå internett utan å prøvekøyre den, konkluderar han.

Eksperten sitt råd:

  • Krev at du får sjå analogt eller digitalt TV-signal i butikken. Viss butikken ikkje har det, krev at du får ta med fjernsynet heim for å prøve.
  • Ikkje velg TV berre ved å sjå på HD-signal eller demonstrasjonsfilmer/teiknefilmar! Dette gjer det veldig vanskeleg å skilje ein god TV frå ein dårleg.Ta med deg TV-skjermen heim og test den der.

LES OGSÅ:

Har du meininger om salet av flatskjermar? Skriv i kommentarfeltet under!

Innstilling av flatskjerm

Fabrikkane har eigne innstillingar på flatskjermane til butikkbruk.

Foto: Eirik Kleiven, NRK

TV og radio

Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)
Før spiste vi høne til middag, nå kastes de og brukes i betong. Gjennom å redde et hønsehus med 7500 høner fra søpla, vil programleder Marit Evertsen Grimstad sette fokus på det skjulte matsvinnet og prøve å gjøre noe med det. Er det mulig å få høna tilbake på middagsbordet? (1:4)
Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.