Dei stakkars asylsøkjarane hadde gøymd seg om bord i baggasjen på eit fly frå Midtausten. Dei vart funne av det britiske tollvesenet då dei kom til Storbritannia, og vart umiddelbart sperra inne. Kanskje i frykt for munn- og klauvsjuke?
Skjelpaddene er mellom to og tre år gamle og hadde blitt stappa inn i små boksar før overfarten til London, melder den engelske avisa Evening Standard.
Akvariet i Bournmouth tenar som førebels asylmottak for skjelpaddene. Der har skjelpaddene fått nok med plass, og betre levevilkår enn dei hadde tidlegare.
Illustrasjonsfoto: Erik Bolstad