Eit følgje på fem klatrar oppover den steile fjellsida på ski - stadig på vakt for skredfaren. Kjem alle til topps på Saudehornet? Og heilskinna nedatt den stupbratte utforkøyringa?
I Ut i naturen på NRK1 kan du 10. april 2007 kl. 19:30 sjå:
Skredfare i himmelsjå
Ørsta er utgangspunktet for vår snødekte tur i dei vidgjetne Sunnmørsalpane, dette uimotståeleg vakre og ville fjellpartiet på Nordvestlandet.
Himmelsjå kallar dei det, der fjellet møter himmelen. Vakrare blir det ikkje i den skarpe vårsola. Men temperaturauken skapar også ein fare når den blir kombinert med store mengder nysnø og kraftig vind. Skredfaren aukar, og vår fjellguide Christer Lundberg Nes viser korleis vi kontinuerleg kan sjekke skredfaren undervegs. Programleiar Monika Blikås klarar likevel ikkje å bli heilt trygg.
Smådyr under snøen
Det snødekte vinterfjellet kan sjå forfrose og livlaust ut. Men langt der nede, under snøen, er det fullt av bittesmå kroppar! Små prikkar av nokon barskingar som har utvikla unike eigenskapar for å overleve den strenge vinterkulda i påvente av den livgjevande våren. Forskar Marianne Heggen ved Universitetet i Bergen er med for å leite etter skjult liv i Sunnmørsalpane. Kva finn ho?
Hanne ser lyset
På havbotn finst det sjølvlysande dyr, noko reporter Hanne Aass er fascinert av. Ho får med seg bløtbunnseksperten Froda Olsgard ut i Oslofjorden for å sjå om dei kan grave fram dyr som kan lyse i mørket heilt av seg sjølv.
Kari Toft held seg også i fjæra, men i eit litt meir alvorleg ærend. Ho sjekkar korleis kystnaturen klarar seg etter Server-ulykka på Fedje, der tonnevis av olje rann ut og havna i fjæra. Klarar naturen å rydde opp sjølv?