For rundt sju år farga Linn Steinsland håret før dåpen til sonen sin.
– Fredagskvelden vart huden i nakken lyserosa og byrja å klø. Tilstanden forverra seg på laurdag, og det verka som om eg hadde store ballar bak på hovudet. På søndagen, då sonen min skulle døypast, var hovudet og halsen min dobbel storleik, fortel Linn Steinsland til Nrk.no.
Tobornsmora bloggar aktivt og oppfordrar der alle lesarane sine til å teste om dei er allergiske før dei fargar håret.
Særs sensitiv
Steinsland, som er busett på Voss, såg seg til slutt nøydd til å kontakte legevakta. Kort tid etter vart ho lagt inn på intensivavdelinga på Voss sjukehus.
Tilsette ved sjukehuset kontakta salongen for å finne ut kva stoff hårfargen hennar innehaldt, men ho vart ikkje allergitesta. Det måtte ei natt på sjukehus til før tilstanden var stabilisert, i tillegg måtte ho medisinerast i ei veke.
Steinsland fann ut at ho var allergisk mot hårfarge allereie på ungdomsskulen. Då hovna ho opp rundt auga etter å ha farga augebryna i salong. Seinare har ho forsøkt mange ulike hårfargar, både heimefargar og i salong, som skal vere tryggare for allergikarar.
– Eg er så allergisk at eg kan døy av å farge håret. Eg reagerer på alt unnteke bleiking og ein spesifikk allergivennleg hårfarge, seier Steinsland.
Kundekontrakt
Dagleg leiar ved Norsk frisørskole i Trondheim, Ellen Støen, har sett at frisørelevar har reagert på hårfarge undervegs i studia, men seier dette har vorte mindre av dei seinare åra. Dette som følgje av færre farlege stoff og eit auka fokus på sikkerheit, gjennom hanskebruk og betre ventilasjon.
– Frisørar skal spørje om kunden har farga håret før, har dei ikkje det testar me produktet på eit lite område fyrst. Etter å ha venta eit døgn kan ein då farge håret til kunden, seier Ellen Støen, daglig leiar ved Norsk frisørskole i Trondheim, til NRK.no.
– Ein bør vere særskilt forsiktig med ammoniakk, seier Støen.
Ho anbefalar folk å gå til frisør for å få gode råd og anbefalingar, framfor å farge håret heime.
– Når ein kjøper ein hårfarge på butikk eller nett kan ein ikkje vere heilt sikker på kva han inneheld, seier frisørlæraren.
Sjølv ville ho ikkje ha utført hårfarging på ein kunde som har opplevd allergiske reaksjonar tidlegare.
– Eit alternativ kan vere å skrive ein kontrakt om at kunden fargar håret på eige ansvar.
Nye reglar
Nokre hårfargar inneheld dei allergiframkallande stoffa PPD og PTD, som kan gje kraftige reaksjonar hjå allergikarar.
Julie Tesdal Håland i Mattilsynet fortel at i Bivirkningsregisteret står hårfarge for dei mest alvorlege innrapporteringane.
I desse dagar held EU på å utarbeide ei ny positivliste over kva stoff som skal vere lovlege i hårfargar. Denne lista skal etter planen vere klar sommaren 2013. I tillegg vart det påbode med strengare faremerking frå november 2012.