Hopp til innhold

Appar kan gjere kva dei vil med din mobil

Vi lastar gjerne ned appar ukritisk, sjølv om dei i teorien kan overvake mobilane våre. Mange norske appar manglar framleis informasjon om kva dei gjer med våre mobildata, sjøl om Datatilsynet har etterlyst dette i lengre tid.

Applikasjon

Kven slepp du inn på din mobil? Mobilapplikasjonar får tilgongar til mobilfunksjonar og det vi har lagra på vår mobil.

Foto: Ingrid Nordheim / NRK

I ein undersøking gjort av Datatilsynet i fjor, var det kun ein av 20 norske appar som hadde informasjon til forbrukarar om personvern. I dag er det ikkje særleg mykje betre, seier Datatilsynet.

Veldig mange applikasjonar manglar ei personvernerklæring og informasjon om kva data dei samlar og korleis desse blir brukt.

Dette på trass av at dei ber om tilgang til mellom anna ditt minnekort, dine bilete, dine telefonkontaktar, ditt kamera eller din posisjon.

I verstefall kan nokon med vondsinna hensikter lage appar som misbrukar desse ilgangane. Mobilen kan i teorien gjere lydopptak av deg eller samle inn dine bilete, dine telefonkontaktar eller loggen over dine samtalar utan at du veit det.

Når vi gir ein app tilgang til mobilen vår, er det utanfor vår kontroll kva den gjer.

Direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet åtvarar brukarar mot å laste ned appar ukritisk. Han etterlyser meir informasjon frå dei som lagar og bestiller appar.

Vi betalar med informasjon

Torgeir Waterhouse

Bransjen jobbar med å bli betre på å gi brukarane den informasjonen dei har rett på seier Torgeir Waterhouse.

Foto: Bjørnar Verpeide

Det er altså risiko for at nokon kan misbruke tilgangane dei får til våre mobilar.

Men Torgeir Waterhouse, direktør for internett og nye medier i IKT- Norge, er ikkje bekymra for den seriøse delen av bransjen.

Han meiner ingen treng vere redd for at applikasjonar frå seriøse aktørar skal samle inn og misbruke ilete, eller spionere på deg via mikrofonen.

Derimot er det anna informasjon som vert henta ut, og Waterhouse poengterer at vår informasjon er ei form for betaling.

– Det kan vere informasjon om kva vi liker, kor gamle vi er og kor vi bur eller kva forbruksvanar vi har. Vi skal vere klar over at denne informasjonen vert brukt, men dei seriøse aktørane bruker denne informasjonen generalisert, seier han.

Informasjonen som vert samla kan bli vidreformidla til andre aktørar som til dømes reklameselskap og analysebyrå, og kan bli brukt til mellom anna målretta marknadsføring.

– Store manglar

Bjørn Erik Thon

Vi bør sjekke seriøsiteten til dei som står bak mobilapplikasjonane før vi lastar ned seier Bjørn Erik Thon i Datatilsynet

Foto: Bjørnar Verpeide

Datatilsynet er kritiske til at så mange applikasjonar også frå store norske firma manglar informasjon om kva data dei samlar og kva dei gjer med personopplysningane våre.

– Vi føler enno at det er store manglar, og at dei som lager appar ikkje er flinke nok til å sei kva dei gjer med personopplysningar dei samlar inn og heller ikkje kven som har utvikla appen.

– Dette er to grunnvilkår som vi stiller til dei som lagar appar, seier Thon.

Meir informasjon er på veg

Waterhouse påpeikar at den manglande informasjonen er eit resultat av at dette er eit område som er nytt for dei fleste. Han informerer om at det i bransjen no vert arbeida med å gi betre informasjon.

– Vi er i løpande dialog med mange av dei store seriøse norske aktørane om å lage ei bransjenorm sånn at vi gjer det lettare både for dei som bestiller og dei som utviklar applikasjonar å vite kva informasjon ein skal gi, og korleis ein skal gi den, seier Waterhouse.

Viktig å sjekke

Sidan ein applikasjon som får tilgang til vår mobil i teorien kan bruke tilgangen akkurat slik dei vil utan at vi kan sjekke kva den gjer, framhevar Datatilsynet viktigheten av å sjekke appen.

– Det er viktig å sjekke seriøsiteten til firma som står bak ein applikasjon, før ein lastar den ned, seier Thon i Datatilsynet.

Når du lastar ned ein applikasjon hos Apple kan du ikkje undersøke kva den enkelte appen ber om tilgang til før du lastar den ned. Men Apple kontrollerer og godkjenner applikasjonar som ligg ute i sin App store.

På Android marknaden er det derimot du som må sjekke appen, der kan du sjå kva appen ber om tilgang til. Du må sjølv ta ei vurdering for om du vil stole på appen.

Du bør kunne sjekke kven som står bak applikasjonen, kva tilgangar appen ber om og at der er informasjon om kva data appen samlar, korleis denne informasjonen vert brukt, og at det er kontaktinformasjon så du kan komme i kontakt med dei som står bak appen.

– Det er eit minstekrav at dei som leverer appar har slik informasjon, seier Thon.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)