NRK Meny
Normal

Sink kan lindre forkjøling

Sink kan lindre og korte ned forkjølingar, viser ny studie. Men forskarar åtvarar mot å ta for mykje sinktilskot.

Influensa

Nye studiar viser at sinktilskot kan hjelpe deg å bli kvitt forkjølinga di.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Sinktilskot i form av tablettar, hostesaft eller kapsular kan gje deg ein veg ut av forkjølinga, viser studiar gjort av forskingsnettverket Cochrane. For at det skal verke må sinktilskotet vere tatt innan ein dag etter at dei første symptoma på forkjøling har meldt seg, skriv Aftonbladet.

Symptomfrie innan ei veke

Barn snyter nesa

Barn som hadde tatt sinktilskot i minst fem månader blei ikkje like ofte forkjøla som før, ifølgje ein ny studie.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Cochrane-forskarane har gått gjennom 15 ulike studiar med til saman 1360 deltakarar. Tilskot av sink mildna ikkje berre forkjølinga, den gjorde også at ein stor del av deltakarane var symptomfrie innan ei veke.

Barn i skulealder som hadde fått ein ekstra dose sink i minst fem månader blei ikkje like ofte forkjøla som før.

Forskingsleiar ved Post Graduate Institute of Medical Education, Meenu Singh, uttaler til BBC at resultata styrkjer oppfatninga om at sink kan lindre forkjøling.

– Men det er framleis vanskeleg å kome med ei generell anbefaling, fordi vi ikkje veit så mykje om kva dosar, oppskrifter eller behandlingstid som er optimale, seier han.

Åtvarar mot for mykje sinktilskot

Men forfattarane bak studien åtvarar mot overforbruk av sinktilskot. Det kan gje plager som kvalme og diarè.

Professor Ronald Eccles, direktør i The Common Cold Centre ved Cardiff University, uttaler til BBC at han er skeptisk til sink som kur mot influensa.

Han åtvarar mot at toksisiteten til sink kan vere ei potensiell fare om ein tar sinktilskot over lang tid.

Kan stoppe virusa

Vaksne blir ramma av to til fire forkjølingar per år og barn av opp til ti. Det er lite ein kan gjere for å unngå desse, fordi virusa er så vanlege, og fins overalt.

Ekspertane trur at sinktilskot kan hjelpe å forebyggje og lindre forkjølinga ved å stoppe virusa før dei når inn til kroppen. Det stoppar også virusa frå å spreie seg, ifølgje laboratorietestar.

Les: - Ikkje gi hostesaft til småbarn

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

TV og radio

Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)
Før spiste vi høne til middag, nå kastes de og brukes i betong. Gjennom å redde et hønsehus med 7500 høner fra søpla, vil programleder Marit Evertsen Grimstad sette fokus på det skjulte matsvinnet og prøve å gjøre noe med det. Er det mulig å få høna tilbake på middagsbordet? (1:4)
Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.