Hopp til innhold

Sel kasseroller til 50.000

Fleire tusen nordmenn har kjøpt kasseroller for opp mot 50.000 kroner gjennom selskapet Saladmaster. Kan ein god seljar selje oss kva som helst?

Saladmaster

Kokkeverdsmeister Bent Stiansen visar at ei vanleg kasserolle fungerar like bra som Saladmaster. (Saladmaster har lokk.)

Foto: FBI

Se også  Selger kjeler for 50.000  og Se saken om Saladmaster i Nett-tv

 

I 60 år har det amerikanske selskapet Saladmaster selt kasseroller gjennom direktesal. Konseptet går ut på at ein seljar kjem heim til deg og lagar middag helt gratis, samtidig som dei demonstrerer og prøver å selje deg kasseroller til mellom 20.000 – 50.000 kroner. 

   

 

 

 

Saladmaster

Dyre kasserollar

Foto: FBI

Syrefast kirurgisk stål

Saladmaster forsvarer prisen med at kasserollene er dei einaste som er sett saman av eksklusivt syrefast kirurgisk stål.

Dermed er det berre i desse kasserollene ein kan koke grønsaker utan vatn og steike kjøtt og fisk utan å bruke olje eller smør.

Ifjølge personar som har vore på demonstrasjon lovar dei at grytene kan vere med på å redusere fedme-problemet hjå ungdom. I tillegg kan det også førebygge faren for hjarte- og karsjukdommar.

Fleire har etterlyst dokumentasjon, men den har aldri dukka opp.

 

Kan gjere same jobben

FBI fekk tidlegare kokkeverdsmeister Bent Stiansen til å prøve ut hypotesen til Saladmaster.

Han gjorde akkurat det same som Saladamaster gjer på sine demonstrasjonar. Skilnaden var at han gjorde det i sine heilt vanlege billege kasseroller. Resultatet vart heilt likt.

- Både grønsaker og kjøt har så mykje naturleg væske i seg at det oppstår damp.Det er ikkje noko problem å koke grønsaker utan vatn og steike kylling utan olje eller smør, er konklusjonen til Stiansen.

 

Fnys av påstandane

I fjølge Saladmaster nyttar dei eit stål med merket 316L.

Helge Lundby hjå stålgrossisten Astrup har i ein årrekkje selt stål i Norge. Han fnys av påstandane til Saladmaster.

- Dette er eit heilt vanleg handelsstål som blir selt mykje av. Kiloprisen ligg på rundt 60 kroner. Slik dei beskriv stålet sitt er det ikkje snakk om det bransjen kallar kirurgisk stål. 

Når vi fortel representanten Øyvind Feste og Johnny Eriksen i Saladmaster uttrykke dei undring over at vi har fått til det same i vanlege gryter.

Trass i at stålekspertar seier at kasserollene ikkje innheld kirguisk stål nektar Eriksen å godta dette.

- Vi har oversett teksten fra engelsk og der står det kirguisk stål.

- Men det er ulovleg å påstå at det er kirgusik stål, når det ikkje er det.

- Det står det i den enegelske oversettinga og da er det det vi forheld oss til, er svaret Eriksen gir.

Likevel meiner dei prisen på over 50.000 kroner kan forsvarast.

I 2005 omsette 6 av dei 18 registrerte enkeltmannsføretak som sel kasserollene aleine for over 40 millionar kroner.

 

Les også: Avviser ulovleg marknadsføring og Kundar føler seg lurt

Si din mening her: Saladmaster

 

 

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)