Hopp til innhold

Med mobilen som våpen

Tusenvis av norske barn og unge blir mobba på telefon og internett kvar dag. Les korleis du kan forsvare deg mot SMS-terror.

Mobiljuks

SKJULT: Digital mobbing er eit samfunnsproblem, og blir ofte omtalt som skjult mobbing fordi den er vanskelegare å oppdage for utanforståande .

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Mange barn og unge vil heller ha ein på trynet, enn å bli mobba via SMS og chat, seier Rita Brudalen.

Som rådgjevar i Medietilsynet og «Trygg bruk-prosjektet» høyrer ho ofte sånne tilbakemeldingar frå digitale mobbeoffer.

Grov språkbruk

I ei undersøking gjennomført av Norstat for Telenor svarar heile 66 prosent, tilsvarande over 250.000 norske barn, at dei sjølv eller nokon dei kjenner har fått mobbemeldingar det siste året.

Digital mobbing via internett og mobil hender kvar dag, og kan til dømes vere korte, trugande meldingar via SMS.

– «Du skal dø, di hore» er eit døme på ein melding nokon har fått tilsendt, fortel Brudalen.

Brudalen har fleire tips om forsvar mot SMS-mobbing:

  • Ta vare på meldingane du får.
  • Blokkér avsendaren.
  • Sei ifrå til foreldre eller lærarar. Då vil saka sannsynlegvis gå fort over.
  • Ta kontakt med Konfliktrådet.
  • Ta kontakt med politiet.

Jenter er verst

Mobbing via digitale medier har dei siste åra tatt kraftig innpå den tradisjonelle forma for mobbing, som førekjem ansikt til ansikt.

Og særleg er det jenter som tar i bruk den nye metoden, bekreftar Senter for atferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.

LES OGSÅ: Dramatisk økning i digital mobbing

Tala i undersøkingane varierer frå år til år, og trass i nedgang i store delar av landet denne gangen er det enno eit stort problem. Så stort at både Røde Kors og Barnevakten no har intensivert kampen mot digital mobbing.

LES OGSÅ: Tre av fire mobbes via SMS eller chat

Eksploderer raskt

Brudalen i Medietilsynet meiner terroren oppstår gjennom små situasjonar på skule og i leik, for så å gå over til skjermen.

– Når ein sit bak skjermen får ein tid til å vere utspekulert. Då kan eit lite problem eskalere veldig fort.

Også eigne mobbebloggar har blitt oppretta for tråkke barn og unge «ned i søla». Desse lar seg ikkje slette så lett.

– Sånne ting følger deg på ein annan måte enn ein ansikt til ansikt-konfrontasjon. Ein blogg forsvinn ikkje sjølv om du skiftar skule, seier Brudalen.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)