Salet av redningsvestar kraftig opp

Berre på få dagar har salet av redningsvestar gått kraftig opp. Det er oppblåsbare vestar folk vil ha.

Oppblåsbare redningsvester

Salet av redningsvestar har gått kraftig opp i dagane etter dei siste ulykkene på sjøen. Det er spesielt oppblåsbare vestar folk vil ha.

Foto: regatta.no

Oppblåsbare redningsvester

Oppblåsbare vestar skal vere små og lette, slik at folk brukar dei sjølv på varme dagar.

Foto: regatta.no
Redningsvest

Salet av dei klassiske oransje vestane har gått ned dei siste åra.

Foto: Colourbox.com

Salet av redningsvestar har gått markert opp etter dei to dødsulykkene utanfor Vestfold i starten av denne veka.

– Om vi samanliknar salet av flyteplagg i år mot i fjor, så er det ein liten nedgang, men den siste veka har vi hatt ein god auke. Spesielt sidan 11. juli har vi hatt ein veldig sterk auke, seier kategorikoordinator Tobias Ranger i Gresvig AS.

Den største sports- og fritidskjeden i Noreg fortel at dei har hatt ein auke i salet av flyteplagg den siste veka på 25 prosent.

Døde utan redningsvest

Måndag omkom to personar utanfor Nøtterøy . Dagen etter omkom to andre utanfor Tjøme . Kiwi-eigar Per-Erik Burud er framleis sakna etter den same ulykka, og håpet om å finne han i live er borte.

Dei to unge mennene på 19 og 20 år som omkom i ulykka utanfor Nøtterøy, hadde ikkje på seg redningsvest. Det hadde heller ikkje dei som var i båten som Burud var med i.

– Det er vanskeleg å kunne stadfeste at auken vi har merka kjem på grunn av dei to båtulykkene, eller frå at det rett og slett har vore fint vêr. Salet av flyteplagg vareierer ofte med vêret, og vi er rett i starten av ferien, seier Ranger.

– Eg håpar derimot på at auken kjem av større fokus på redningsvestar og tryggleik i båt, legg han til.

Ranger seier også at salet av flyteplagg var veldig stabilt frå dag til dag på samme tid i fjor, men trur det er enklare å trekke konklusjonar når ein har sett på salstal for også neste veke.

Båtulykke Tjøme

Både produsentar og forhandlarar av redningsvestar har merka ein auke etter dødsulykkene på sjøen dei siste dagane.

Foto: Peder Gjersøe / Scanpix
Dobla salet etter ulykkene

Også konkurrenten XXL har merka ein markert auke i salet etter ulykkene.

– Vi har sett på salet i dei fire dagane før ulykkene og målt det mot dei fire dagane etter ulykkene. Auken er på 50 prosent, seier grosisstsjef Eddy Steng til NRK.no

Steng fortel også at dei målte salet i dei fire dagane før ulykkene opp mot dei fire føregåande dagane, og tala viste der eit stabilt sal.

Begge desse kjedane rapporterer om sal frå butikk. Nettbutikken Trygg og Sikker, som sel oppblåsbare vestar, har også merka ein auke i salet.

– Vi har merka ei markert auke i salet dei siste dagane. I forhold til i fjor har vi dobla salet, og den største delen av dette har skjedd dei siste dagane, seier sikkerheitskonsulent Jarle Dahl Bergersen.

Redningsvestane som Trygg og Sikker sel, er oppblåsbare vestar, som er lettare å ha på.

– Då slepp folk å gå med store flyeelement, og sjansen er større for at dei vil bruke vesten i staden for at den ligg i båten, seier han.

Ikkje eit pliktplagg

Det er for kort tid sidan ulykkene til at redningsvestprodusenten Regatta har tal å vise til, men marknadssjef Arve Øverås seier dei allereie har merka større etterspørsel.

– Vi er i en periode med festivalar og aktivitet og merkar at folk har fått ein tankevekkar, seier han til NRK.no

Ifølgje Øverås har redningsvesten blitt noko folk kjøper i gave til venner som har alt.

– Og då må det vere kvalitet, slik at vesten ikkje berre blir liggande i båten. Redningsvesten må vere bahageleg å bruke, og ikkje berre eit pliktplagg å ha på for å unngå bøter, seier han.

Ikke alle bruker redningsvest

Å ha med seg redningsvest i båten er påbode, men det er ingen krav om at dei blir brukte.

Foto: Colourbox.com

Byttar til oppblåsbar

Helly Hansen har selt redningsvestar i Noreg i lang tid, men dei siste åra har dei merka ei endring i kva folk vil ha.

– Vi ser ein trend der salet av den kjende oransje redningsvesten går nedover, og det er på grunn av at oppblåsbare vestar tar over for denne, seier International marketing manager Karl Einar Jensen i Helly Hansen.

– Salet av oransje vestar er halvert dei siste tre åra, og at salet av oppblåsbare vestar har auka med 20 prosent i same periode, fortel Jensen.

Også salet av barnevestar og juniorvestar har hatt ein auke på 30 prosent i denne perioden.

Helly Hansen har ikkje merka noko spesielt oppsving i salet etter tidlegare ulykker.

– Salet er ganske stabilt frå år til år. Vi merkar eit auka trykk først og fremst ved at media kontaktar oss om våren og etter slike ulykker, seier Jensen.

– Folk gløymer fort

Også salgssjef Glenn Arnt Olsen i Crewsaver seier at det tar tid før han merkar ein auke i salet, sidan han er i importørleddet. Men også han har merka trykket.

– Eg har allereie blitt kontakta av ein som ville ha redningsvestar til heile familien, seier han.

Olsen meiner det er viktig at folk har små og lette redningsvestar, slik at vestane faktisk blir brukte.

– Store og tunge redningsvestar blir varmt, spesielt på solfylte dagar. Om ein har lettare vestar, er det større sjanse for at dei blir brukt, meiner han.

Olsen trur kanskje folk merkar seg nødvendigheita av redningsvestar sidan mediamerksemda har blitt større fordi ein kjend person er involvert i ei av dei siste ulykkene.

– Men erfaringar frå tidlegare ulykker er dessverre at folk gløymer fort.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.