Hopp til innhold

Rønne gjekk for 2,2 millionar

Du kan sitte på ei gullgruve utan å vite det, seier meklar.

Denne rønna vart seld for 2,2 millionar kroner.

Huset utanfor Nordkisa ved Gardermoen manglar bad og treng masse kjærleik. Likevel var det kø til visning.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Det er nok ein del som tenker at slike eigedomar ikkje har særleg verdi. Mange ser berre masse arbeid, seier mangeårig eigedomsmeklar og spesialrådgjevar Stian Søndsterudbråten i DNB Eiendom.

– Det er vanskeleg å sette verdi på eigen eigendom, legg han til.

Stian Søndsterudbråten

Stian Søndsterudbråten, DNB Eiendom.

Foto: Marianne Wennesland

Småbruket som ligg litt utanfor Nordkisa ved Gardermoen er langt frå innflyttingsklart. Her manglar både innlagt vatn og bad, og i stova er det hol i golvet.

Det er fleire hol rundt omkring i huset, og det er mange år sidan både hagen og huset har fått kjærleik.

Likevel var det kø på visning, og eigedomen vart seld for 200.000 over prisantydning som var på 2,2 millionar kroner.

Vurderer å rive huset

Kjøkken

Huset har ikkje innlagt vatn, og treng sårt kjærleik.

Foto: DNB Eiendom

– Eg er nesten overraska over at den ikkje gjekk for meir, seier entreprenør Sigurd Furelunden.

Han fekk tilslaget på huset som vart seld i november 2016. Eigedomen er òg med i TV-programmet «Solgt», der meklarar frå Haugesund og Ålesund skal prøve å tippe salsprisen.

Det var først og fremst den store tomta på rundt 21 mål som lokka han til å bla opp.

– Sjølv om tomta er regulert til landbruksformål, kan det vere mogeleg å få den regulert om til bustadformål ein gong i framtida, seier huskjøparen som driv med bustadutvikling.

– Så du har ingen planar om å flytte inn?

– Nei, det kan nok vere snakk om å rive huset på sikt og sette opp noko nytt, men eg har ikkje bestemt meg ennå.

Småbruk mest populære søk

Småbruk

Det var kø på visning til dette fallferdige småbruket i Gjerdrum kommune.

Foto: DNB Eiendom

Furulunden er ikkje aleine om å ha interesse for små falleferdig småbruk. Faktisk er småbruk det mest populære søket på finn.no.

– Eg trur folk har ei stor interesse for å bygge rede. Dei som kjøper slike stader har ein stor iver etter å gjere ting sjølv, og komme seg ut i meir landlege omgjevnadar, seier Søndsterudbråten.

Etter 20 år i bransjen er dette langt frå det einaste fallferdige huset han har seld. Eit tilsvarande småbruk i Gjerdrum kommune i Akershus selde han for 2.350.000 kroner, heile 350.000 kroner over prisantydning.

– Det er alltid kø på slike visningar, ofte mellom 50 og 100 personar. Spesielt på småbruk i prisklassa 2-10 millionar kroner.

Fleire andre stadar i landet har lignande småbruk gått unna i heftige budrundar.

Sterke følelsar

Han trur mange kan sitte på slike gullgruver rundt om kring i Norge - utan å tenke på at andre kan sjå store verdiar i dei.

– For mange er det vanskeleg å selje slike eigedomar. Dei har gjerne vore i familien i generasjonar og det er knytt sterke følelsar til eigedomane, seier Sønsterudbråten.

Solgt

Meklarar frå Haugesund og Ålesund skal tippe pris på det falleferdige huset i TV-programmet Solgt. (F.v) Cecilie Clausen, Preben Willmann, programleiar Frode Søreide, Øystein Vestre og Truls Lea.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)