NRK Meny
Normal

Prisskilnad: 44,5 millioner

Trass i at det stadig blir sett nye omsetningsrekordar i fjellheimen, er det fortsatt mogeleg å gjere eit kupp. Her er eit knippe hytter i ulike prisklassar.

hytter

Hytta til venstre har ein prislapp på 45 millionar kroner, medan fjellhytta til høgre er prisa til 490.000 kroner.

Foto: Eklund Oslo New York/Eiendomsmegler1

Hyttemarkanden har lege med knekt rygg etter finanskrisa. Men no er optimismen i fjellheimen tilbake. Frå i fjor til år er det seld over 3000 hytter. Det er ein auke på 26 prosent, syner tal frå Eiendom Norge.

– Folk har slutta å prute på hytteprisen. No kjøper dei i staden, seier Øyvind Kvile i Privatmegleren i Hallingdal.

– Prisane i fjellet har hatt ein veldig marginal auke. Det er fortsatt mange hytter som ligg ute for sal og det er store ledige tomteareal i fjellheimen, så det er mogeleg gjere gode kjøp, fortel Christian Vammervold Dreyer som er administrerande direktør i Eiendom Norge.

NRK.no har kontakta meklarar og leita på nettstaden finn.no for å finne hytter i ulike prisklassar på nokon av dei mest populære destinasjonane i Norge.

Prisskilanden er ofte stor, så det er viktig å tenke gjennom dine behov før du kjøper. Klarar du deg utan innlagt kloakk og vatn, så er det mogeleg å få kjøpt hytter utan å bli flodd.

1. Enkel hytte med utedo

Fortsatt håp om kupp i fjellet

Hytte på Skåbu til 490.000 kroner.

Foto: Eiendomsmegler1 / Foto

Om du likar enkel standard på hytta, men likevel vil ha tilgang til gode skiløyper rett utanfor hytta, så kan denne hytta på Skåbu i Vinstra være noko.

Hytta har innlagt elektrisitet, men ikkje toalett eller vatn. Prisen er sett til 490.000 kroner. Hytta er på 42 kvadratmeter.

Den ligg ved inngangen til Jotunheimen, men skal du stå alpint, så er den næraste bakken i Eggedal, som er omlag 20 minutt unna.

2. Ikkje alt er dyrt i Hemsedal

Sjarmerande hytte til 650.000 kroner

Hytta er sjarmerande, men manglar innlagt vatn, toalett og elektrisitet.

Foto: Frode Søreide / NRK

Hemsedal er ei av dei mest populære skibygdene i Norge og prisane har skote i været. Men om du ikkje trenger å bu mitt i bakken, så kan du få hytte til langt under millionen.

Hytta på Venås ligg seks kilometer frå alpinbakken, har ikkje innlagt vatn eller straum. Og du må ut for å gå på do. I tillegg er det ikkje veg dei siste 200 meterane opp til hytta. Prisen for hytta er 650.000 kroner.

3. Leilegheit på Kvitfjell

Leilegheit i fjellet

Her kan du finne leilegheiter til under 3 millionar kroner.

Foto: Advokatene Sem og Johnsen /

Leilegheiter på fjellet har ikkje vore like populært. Men om du vil køyre bilen rett i garasjen og ta heis opp i leilegheita, så kan dette særprega bygget i Kvitfjell vere eit alternativ til hytte.

Leilegheita er på 100 kvadratmeter, har tre soverom, to bad, kjøkken og stove. I tillegg stor balkong på 22 kvadratmeter. Prisantydninga er på 2.850 000.

– Det er fleire familiar som har kjøpt leilegheiter i dette området. Fordelen er at det er lett å komme seg hit, du har nærleik til bakken og det er eit lett objekt å leige ut, seier meklar Trond Ivar Olsen hjå Avdokatene Sem og Johnsen.

4. Nær sentrum på Geilo

Hytte på Geilo frå 1962

Geilo har lange tradisjonar som vinterdestinasjon.

Foto: Privatmegleren /

Geilo har lange tradisjonar som vinterdestinasjon. Denne hytta er frå 1962, men er bygd på og modernisert i nyare tid.

Hytta har tre soverom og er på 88 kvadratmeter. Prisantydninga ligg på 2.990.000 kroner.

I følge meklar Øyvind Kvile i Privatmegleren i Hallingdal er det stor etterspurnad etter hytter som ligg i gangavstand til sentrum.

5. Dyraste hytta i Norge

Stova

Ein av dei dyraste hyttene som er til sals i Norge. Prisen er på 45 millionar kroner.

Foto: Eklund Oslo New York /

Om økonomien ikkje er det største problemet, så er det mykje å velje i. Denne hytta er ein av dei dyraste som for tida ligg for sal på nettstaden finn.no.

Den luksuriøse hytta på Geilo har eige svømmebasseng, seks soverom, fem peisar, fem bad og privat vinkjellar. I tillegg er det boblebad både ute og inne. Hytta er på 625 kvadratmeter og har ei prisantydning på 45 millionar kroner.

Eit av fleire bad

Eit av fem bad på hytta.

Foto: Advokatene Sem og Johnsen /

– Det har vore ei viss interesse for hytta både i Norge og utlandet, men det er forløpig ikkje blitt noko napp, fortel eiendomsmeklar Hans Houeland i Eklund Oslo New York.

Vil du vite meir om hytteprisar i fjellet? Sjå Solgt! på NRK1 måndag 19:45.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.