NRK Meny
Normal

Pressar ned prisen på mobilsurfing

Å ligge på stranda i utlandet og surfe på mobilen kan koste skjorta. No vil EU ha makspris frå neste sommar av.

Mobilsurfing på stranda

EU vil gjere det billegare å surfe på mobilen i ferien.

Foto: Sigrid Olsson / Colourbox

Det er i dag ingen maksprisar for datatrafikk i utlandet, og avtalar om fastpris på datatrafikk er truleg ikkje gyldige utanfor Noreg.

Det kan koste dyrt, åtvarar Forbrukarrådet.

Ifølgje Financial Times er gjennomsnittsprisen i EU/EØS-området i dag på 16 kroner per megabyte.

Halverer dataprisen

No melder avisa at dei vil EU kutte i prisane, og det betyr halvering i gjennomsnittsprisen på datatrafikk dei neste fire åra.

  • Å surfe på internett i EU/EØS-området skal ikkje koste meir enn 0,90 euro (ca 7 kroner) per megabyte neste år.
  • Frå 2014 skal prisen kuttast til 0,50 euro (ca 4 kroner).

Forbrukarrådet reknar med at desse prisane også vil bli gjeldande for norske kundar.

– Då treng ikkje folk lenger å få dei store overraskingane når dei kjem heim frå ferie. Folk veit vanlegvis ikkje kor myke det kostar å opne ulike nettsider. Når prisen kjem ned mot 3-4 kroner, så nermar vi oss eit akseptabelt nivå, seier forbrukarpolitisk rådgjevar i Forbrukerrådet, Svenn Richard Andersen.

Sjølv om det per i dag ikkje er nokon makspris på surfing i EU/EØS-området, så er det likevel eit krav om at leverandøren set ei sperre på 500 kroner på datatrafikk. Leverandøren må ogs gi beskjed om at datatenesta blir teken i bruk.

Lik pris overalt i EU

For å gjere det enkelt å besøke EU/EØS-land har EU/EØS innført makspris på mobil- og nettrafikk. Denne maksprisen er per no 3,39 kroner per minutt å ringe, og 1,06 kroner per minutt å motta samtale.

Mobiloperatørane har lov å ta seg betalt for oppstarten av kvar samtale. Det betyr at dei kan fakturere kunden for 30 sekund for kvar samtale, uansett kor kort denne er. Når samtalen blir lenger enn 30 sekund, har dei lov å fakturere per sekund.

Dei kan ikkje lenger ta betalt per oppstarta minutt, som var lov tidlegare.

Det skal ikkje koste meir enn 1,06 kroner å sende SMS, og å motta ein SMS skal vere gratis.

Å motta talebeskjed er gratis, men ein må betale for å høyre på desse.

Pass på i resten av verda

På ferie utanfor EU/EØS må ein rekne med å måtte betale meir for å bruke mobiltelefonen. På telepriser.no kan ein sjølv sjekke kor mykje det kostar å bruke mobiltelefonen i desse landa.

Forbrukerrådet har sett opp nokre enkle råd for å gjere mobilrekninga så lav som råd etter ferien.

  • Reduser surfing på internett og bruk av program som brukar datatrafikk.
  • Sjå etter gratis trådlause nettverk som smarttelefonen kan kople seg til.
  • Slå av automatisk synkronisering av kalender og e-post.
  • Unngå program som brukar mykje datatrafikk, som Google Maps og Youtube.
  • Sjekk om leverandøren din har samarbeidsavtale med operatørar i det landet du skal til. Dette kan du sjekke på telepriser.no.

Sjølv med lågare prisar innanfor EU/EØS-området, meiner framleis Forbrukarrådet at mobiloperatørane har ein jobb å gjere.

– Dei har eit ansvar for å ikkje mjølke kundane sine, og bør forhandle fram billegare avtalar, seier Andersen.

– Dei sel smarttelefonar for at folk skal surfe på dei. Då bør det vere mogleg å brukde dei til ein rimeleg pris også i USA, Thailand eller i land Afrika, seier han.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.