Fekk ikkje informasjon
- Det var ingen som fortalde meg at ho ville få spesielle problem, at det var noko som premature born må jobbe spesielt med. Ein lege sa til meg eingong at når ho er 2-3 år, så har ho tatt igjen dei andre ungane.
Det fortel Margaret Øverby på Snarøya utanfor Oslo. For ti år sidan fekk ho sitt andre barn, Eline - meir enn to månader for tidleg, og 1445 gram lett.
Lite tilfredsstillande
Assisterande helsedirektør Bjørn-Inge Larsen vedgår at tilstanden ikkje er god nok. Han set sin lit til at ny lovgjevning, som gjeld frå nyttår, skal betre situasjonen. Den gjev spesialistar på sjukehusa plikt til å rettleie helsesøstre og skulehelsetenesta om oppfølgjing av premature born.
Legar veit for lite
Det moderne helsevesenet er flinke til å redde born som blir fødde for tidleg. Kvart år er det 500 born som blir fødde før 28 vekers svangerskap. Men mange opplever at helsevesenet gjev blaffen, så fort dei er ute av sjukehuset.
- Eg trur ikkje verken helsesøster eller legar veit så veldig mykje om kva eit prematur barn er, seier Margaret Øverby.
Ofte har ho fått høyre at dei plagene Eline har, kan også andre born ha.
– Men andre born har ikkje ALLE dei tinga som Eline har, understrekar ho.
Hang etter i timane
For tidleg fødde har eit svakare immunforsvar enn andre – og Eline har vore mykje sjuk. Derfor har det også vorte mykje fråver på skulen. Eline hadde vanskeleg for å finne seg til rette i første klasse, og hang etter i timane fordi ho har vanskelegare for å konsentrere seg enn andre born.
Måtte slåss
I følgje forskarane kunne halvparten av seinverknadane for premature vore unngått med skikkeleg oppfølging.
Ridinga har hjulpe Eline til å bli meir sikker på seg sjølv, også på skulen. No går det betre i skuletimane, men Margaret meiner Eline sine problem kunne vore langt mindre. Ho har brukt mykje tid på å slåss for eit betre pedagogisk opplegg for dottera si.