– Pølser aukar faren for tarmkreft

Behandla kjøt, som pølser, bacon og skinke, kan auke faren for å døy tidleg, ifølgje europeiske forskarar. Norske menn et dobbelt så mykje raudt og behandla kjøt som anbefalt.

Bratwurst

Pølser og anna behandla kjøt aukar faren for å døy av kreft eller hjarte-karsjukdommar.

Foto: Illustrasjonsfoto/Ron Hudson

Ein har lenge vore klar over helsefaren ved for mykje raudt kjøt. Den siste tidas hestekjøtskandalar har òg gjort forbrukarar og myndigheiter merksam på at ein ikkje alltid kan vete kva kjøt ein verkeleg et.

No syner det seg at òg behandla kjøt, som til dømes pølser, bacon og skinke, aukar sjansane for å døy av kreft eller hjarte-karsjukdommar.

Kreft og hjarteproblem

Forskinga er publisert i BMC Medicine og er resultatet frå forskingsgruppe knytt til Verdas helseorganisasjon (WHO) og EU. Forskarane har følgt ein halv million europearar, inkludert ei gruppe nordmenn. Kvar person vart følgd i snitt i 13 år.

Dei som åt meir enn 160 gram behandla kjøt dagleg, omlag to pølser, hadde 44 prosent større sjanse for å døy innan 13 år, enn dei som berre åt 20 gram.

Nesten 10.000 av personane i studia døydde av kreft, medan 5.500 døydde av hjarteproblem.

– Vår forsking syner at behandla kjøt aukar faren for tarmkreft, seier doktor Rachel Thompson i World Cancer Research Fund til BBC.

Ifølgje Thompson kunne ein unngått rundt 4.000 tilfelle av tarmkreft om folk åt mindre enn ti gram behandla kjøt i veka. Organisasjonen hennar anbefaler difor å unngå behandla kjøt.

Menn et mest

Medan Helsedirektoratet anbefaler å ikkje ete meir enn ein halv kilo raudt og behandla kjøt i veka, et norske menn i snitt over ein kilo slikt kjøt i veka.

Kvinnene ligg eit stykke etter med berre 620 gram raudt og behandla kjøt per veke, men òg dette er for høgt.

Med behandla kjøt meiner ein kjøt som er behandla ved røyking, salting eller ved å tilsetje konserveringsmiddel. Døme på dette er bacon, skinke, salami og ein del pølser.

Å køyre eit stykke kjøt gjennom ei kvern er ikkje nok. Kjøttdeig er behandla kjøt dersom det er tilsett salt eller konserveringsmiddel.

Det er innhaldet av salt og konserveringsmiddel, som aukar sjansane for hjarte-karsjukdommar, kreft og for tidlege dødsfall.

Store kjøttmåltid

Overlege Haakon E. Meyer

Haakon E. Meyer, overlege ved Folkehelseinstituttet, rår folk til å ha rikeleg med grønnsaker til middagen.

Foto: FOTO: PRIVAT

Overlege Haakon E. Meyer, tidlegare leiar i Nasjonalt råd for ernæring, rår folk til å redusere inntaket av bearbeida og raudt kjøt. Folk bør heller ete meir fisk.

– At den norske befolkninga skal slutte å ete behandla kjøtt er urealistisk, meiner Meyer.

Skal ein ete kjøt bør ein ete kvitt kjøtt eller filetar, i staden for behandla og raudt kjøtt. Behandla kjøt inneheld ofte mykje metta feitt og salt, som ein òg bør avgrense inntaket av. Det kan og innehalde nitritter og nitrater, konserveringsmiddel som kan vere kreftframkallande.

– Et heller kvitt kjøt, samt reint og magert kjøt, oppmodar han.

Meyer peikar på at mange nordmenn kan ha for vane å ete store mengder kjøt til måltidet.

– Skal ein fyrst ha pølser til middag må ein syte for å ha rikeleg med grønsaker, saman med poteter eller ris, på tallerkenen, seier Meyer.

I tillegg til at behandla kjøtt i seg sjølv er helseskadeleg, synte forskinga at folk som åt mykje behandla kjøt hadde ein meir usunn livsstil enn andre. Dei røyka oftare, var meir overvektige og hadde dårlegare helsevanar.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)