Hopp til innhold

Pollenvarslinga er her

Betre føre var, enn å nyse vekk ein heil pollensesong. Lege rår pollenallergikarar til å byrje medisineringa med det same.

Pollenvarsel 2013

Snart kan allergikarar merke dei fyrste teikna til spreiing av hassel og or.

Foto: Colourbox (illustrasjon)/NAAF (skjermbilde)/NRK (montasje)

Det verkar kanskje tidleg å tenkje på pollensesongen allereie i februar, men no er den daglege pollenvarslinga frå Norges Astma- og Allergiforbund i gang og då kan ein godt starte med allergimedisinar.

– Det er ganske mange som tar førebyggjande medisin før dei vert eksponert for pollen, difor startar me å varsla så tidleg, seier pollenanalytikar Hallvard Ramfjord i Norges Astma- og allergiforbund (NAAF).

Har du smarttelefon kan du for sju kroner kjøpe ein pollenapp med meldingar om kraftig pollenspreiing.

Rundt ein av fem nordmenn har ei form for pollen allergi. Symptoma er mellom anna rennande nase og auge, svie, kløe, eksem og nysing. I tillegg kan ein verte slapp.

Får ein desse plagene i pollensesongen kan ein ta blodprøve hjå lege for å få påvist pollenallergi. Medisinane seljast reseptfritt, men om ein har fått diagnosen frå lege kan ein få medisinar på blå resept.

Pollenvarsku

– Eit generelt råd til pollenallergikarar er at ein alltid skal byrje med medisin så tidleg som mogleg, seier spesialist i allmennmedisin Åge Norman Hansen, til NRK.no.

Han meiner at pollenvarslinga er eit godt varsku om at det er på tide å ta sine førehaldsreglar som allergikar før ein ny sesong. Det er lettare å førebyggje ein allergisk reaksjon, enn å reversere han.

– Kjem ein for seint i gong kan det i ekstreme tilfelle øydeleggje ein hel sesong, seier Hansen.

I tillegg rår han pollenallergikarar til å vere kritiske til medisinen sin.

– Mange pasientar ringjer fastlegen sin og spør etter ny resept på sin faste medisin. Kjenn etter om du er nøgd med effekten, er du ikkje det tingar du ein legetime og får ein annan medisin, tipsar Hansen.

Startskot

Registrering av partikkelinnhaldet i lufta starta allereie 6. februar.

Det er enda ikkje kome inn meldingar om pollen, men grunna mildvêr forventar NAAF at spreiinga av pollen frå or og hassel kan ta til snart.

Truleg vil Vestlandet angripast fyrst, før Sør- og Austlandet følgjer etter.

Ørsta i Møre og Romsdal er allereie seint ute med pollensesongstarten. Eit snitt frå dei siste ti åra syner at ørstingar har fått pollen allereie 22. februar, medan hovudstaden får pollen på kvinnedagen.

I pollensesongen 2012 var det greitt å vere allergikar, då det var mindre spreiing enn normalt.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)