Den kinesiske dama var vekke frå heimen i ein månad for å vitje foreldra sine.
Lærte mange nye ord
Etter at ho kom tilbake frå ferien hadde papegøyen plutseleg lært seg mange nye ord. Dei nye orda var mellom anna "skilsmisse", "eg elskar deg" og "ver tolmodig".
Kona gjekk umiddelbart til advokatkontoret i byen Chongqing for å ta ut skilsmisse, skriv den engelske avisa The Mirror.
Advokaten var kunne ikkje hjelpe.
- Det er lite truleg at dommarane vil dømme mannen når ei papegøye er einaste vitne, seier advokaten Wu Di.