Hopp til innhold

Pandemien kan vere grunnen til at du mistar håret

Ligg det mykje hår igjen i dusjen eller på hårbørsten når du børstar deg? Koronapandemien kan vere årsaka til at du mistar meir hår enn tidlegare.

En melaninrik ung kvinne fikser håret til en kvinne med mørkt krøllete hår. Den unge kvinnen har på seg en leopardgenser, har krøllene i strikk og har munnbind.

Fleire av dei som kjem til frisør Claire Brown klager over at de mister meir hår enn vanleg. Kunden på bildet har ikkje noko med denne saka å gjere.

Foto: Privat

La oss slå éin ting fast med det same. Alle menneske mistar litt hår heile tida. Det er òg heilt naturleg å miste litt meir hår i nokre periodar.

– Du kan miste alt frå 90 til 150 hårstrå om dagen. Om ein har langt hår, kan mengda fort sjå litt skummel og drastisk ut, seier frisør Claire Brown, som eig «Curls by Brown» i Oslo.

Då er det viktig å hugse at du har mellom 100 000 og 150 000 hårstrå på hovudet til ein kvar tid. I dei fleste tilfella vil håret vekse tilbake.

Problemet oppstår når du mistar hår raskare enn det klarer å vekse tilbake. Og det er det fleire som har opplevd i løpet av pandemiåret 2020.

– Fleire av kundane har merka at dei har mista meir hår. Både dei som har hatt korona, og dei som ikkje har hatt det, seier Brown.

Dagleg leiar og trikolog Tor Verner Meyer ved Tops Apollo Hårsenter i Bergen, har òg merka ein auke.

– I løpet av det siste året har fleire unge kvinner teke kontakt med oss fordi dei mistar meir hår enn det dei pleier, seier Meyer, som har spesialisert seg på hårtap.

I USA har talet på Google-søk om hårtap auka med 8 prosent dei siste 12 månadene. Det skriv The New York Times.

Laster Twitter-innhold

Skodespelar Alyssa Milano vart smitta av koronaviruset i mars 2020. Fem månader seinare viser ho kva sjukdommen har gjort med håret.

Mistar håret etter koronasjukdom

Enkelt forklart, så veks håret i ein syklus der håret fell av før det blir danna nytt.

Dermatologar ved New York Medical College har funne at covid-19, som er ein alvorleg infeksjon med høg feber kan føre til at denne syklusen blir forskyvd. Da dett håret av fortare enn det skal. Det blir kalla «telogen effluvium» på fagspråket.

Det skjer fordi kroppen brukar meir energi til å kjempe mot infeksjonen, og mindre viktige ting som hårvekst blir nedprioritert. Effekten av dette blir synleg nokre månader seinare.

22 prosent av koronapasientar har opplevd hårtap etter korona. Det viser ei undersøking utført i Wuhan.

Men du treng ikkje å ha vore smitta av viruset for å miste meir hår enn vanleg under koronapandemien.

Stress fører også til hårtap

Telogent hårtap kan og bli utløyst av påkjenningar som ei traumatisk hending, graviditet, endring i kosthald eller langvarig stress. Det seier Jon Anders Halvorsen, hudlege ved Askin.

Håravfall

Opplever du større hårtap enn vanleg? Ikkje stress. Bokstaveleg talt, for det kan vere nettopp stress som fører til hårtapet.

Foto: Marit Aaby Vebenstad / NRK

– Psykiske påkjenningar knytt til pandemien som karantene, einsemd og frykt for smitte kan også føre til at ein mistar meir hår, seier Halvorsen.

Ved telogent hårtap mistar man hår over heile hovudet og ikkje berre nokre flekkar her og der, som ved genetisk bestemt hårtap som oftast rammar menn.

Det finnast ingen godkjente medisinske behandlingar mot telogent hårtap, ifølge hudlegen. Men fortvil ikkje.

– I dei fleste tilfelle vil håret kome tilbake 6–12 månadar etter påkjenninga, seier Halvorsen.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)