Hopp til innhold

Oppskrift på å bli mangemillionær

Kjøp inn mobiltelefonar for 5.000 kroner stykket og selg dei vidare med stykkpris på 500.000. Stort enklare er det vel ikkje å bli mangemillionær over natta. Umulig? Nei. Ulovlig? Nei igjen.

Illustrasjonsfoto

Bidit.eu tek ei avgift for kvart bud som vert lagt inn, noko som gjer at dei tjenar store summar på kvar ting dei sel.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Bidit.eu er ein representant for eit nytt internettkonsept som akkurat nå sprer seg i stor fart. Det er lett å forstå, for systemet er like enkelt som det er genialt.

Iphone

Bidit tener frå minimun 180.000 kroner opptil 1.350.000 kroner. For å selge éin enkelt Iphone.

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP

I utgangspunktet ser bidit.eu ut som ein vanlig nettauksjon der du kan by på varer av alle slag. Det er imidlertid to viktige unntak.

  1. Det er kun mulig å auke prisen på eit objekt med 10 øre per bud
  2. Bidit.eu tar ei lita avgift for kvart bud som blir lagt inn.

Kombinasjonen av desse to tinga er eksplosiv.

Pengemaskin

Hvis vi tenker oss at sluttprisen på ein Iphone ender på 3000 kroner, noko som er halv pris av utsalgspris i butikk, vil deltakarane i auksjonen ha lagt inn ikkje mindre enn 30.000 tiøres-bud. Budavgifta startar på 2 kroner, men varierer etter varetype. I eksempelet med Iphonen, hankar Bidit inn frå 6 til 45 kroner pr. bud.

Det betyr at selskapet tener frå minimun 180.000 kroner opptil 1.350.000 kroner. For å selge éin enkelt mobiltelefon.

Sitter du på informasjon om denne saka? Kontakt NRKs journalist! Tips oss!

Erik Dahl

Erik Dahl forstår ikkje kvifor nokon er kritiske til denne typen auksjonar.

Foto: NRK/Ole Jørgen Kolstadbråten

- Vinn-vinn-situasjon

- Eg har kjøpt fleire ting på Bidit og har fått både kamera, blue-ray spelar og eit headset til langt under butikkpris, seier Erik Dahl. Han er av dei som har fått tilslag etter å ha lagt inn bod på nettauksjonen, og skjønar ikkje dei som er kritiske til denne typen auksjonar.

- Ein stad sit det nokon og tener utruleg mykje pengar på dette, men det gjer ikkje meg noko. Eg skulle berre ønske eg hadde funne opp denne forretningsmodellen sjølv, seier han.

Heilt lovlig
Øystein Jakobsen

Bloggar og nettentusiast Øystein Jakobsen har klaga Bidit inn for Lotteritilsynet.

Foto: NRK/Gard Brox Jensen

Bloggar og nettentusiast Øystein Jakobsen er derimot kritisk til nettauksjonen. Etter først å ha vore deltakar i ein av Bidit-auksjonane, skjønte han korleis systemet virka og klaga deretter Bidit inn til Lotteritilsynet. Han meinte altfor mykje var overlete til tilfeldighetene.

Lotteritilsynet delte det synet, og konkluderte med at slike øresauksjonar ikkje er auksjonar, men ulovlege lotteri. Men då Kulturdepartementet skulle kvalitetssikre Lotteritilsynet si vurdering, kom dei til motsett konklusjon:

Øresauksjonar er fullt lovlige. Og der står saka i dag.

Letta over godkjentstempel

- Det er dette vedtaket fra Kulturdepartemenetet som ligg til grunn for at Bidit kan drive som i dag, ja, seier Thomas Jacobsen. Han er forretningsadvokat busett på Malta og styresekretær samt kontaktperson i Bidit.

Han seier til NRK at nettauksjonen sidan oppstarten i fjor vår, har hatt over 40 000 registrerte brukarar og seldt over 2600 produkt.

- Har de godt samvit over å tjene ein halv million kroner på å selge ein enkelt mobiltelefon? - Eg forstår ikkje kvifor ein ikkje skal ha godt samvit sjølv om ein driv god butikk, svarar Jacobsen.

Thomas Jacobsen

Thomas Jacobsen er styresekretær og kontaktperson i Bidit.

Foto: Privat

Adresse Malta

Sjølv om Bidit framstår som ei norsk side som henvender seg til et norsk publikum, er selskapet registrert langt utenfor Norge, nærare bestemt på Malta. Jacobsen seier det er av kommersielle grunnar og kostnadsomsyn. Kor mykje selskapet har tjent sidan oppstarten i fjor, ønsker han ikkje å kommentere.

Held korta tett til brystet

Det er ikkje lett å få klarhet i kven som eigentleg står bak bidit.eu. Den Malta-baserte talsmannen Thomas Jacobsen vil ikkje oppgi navn på andre norske involverte. I det maltesiske firmaregisteret er Jacobsen den eineste som er navngjeven.


Men ved hjelp av andre kjelder har Forbrukerinspektørene funne fram til to menn i 20-åra busett i Oslo.


Dei har opptrådd på vegne av selskapet ovanfor ulike produktleverandørar. Når FBI tek kontakt med den eine av dei, vil han konferere med leiinga i selskapet før han uttaler seg. Etter kort tid ringer han tilbake, og henviser alle spørsmål til talsmann Thomas Jacobsen.

- Kvifor er det så viktig for dykk å holde identiteten dykkar skjult?

- Det er eit spørsmål som vedkjem bidit. Det er vi enige om at Thomas Jacobsen skal besvare.

- Sjølv om det er deg det gjeld?

- Ja.

Stadig fleire selskap

Bidit er i dag størst på den norske marknaden, men fleire andre selskap med liknande konsept rettar seg no mot håpefulle norske budgjevarar. Felles for desse auskjonane er at det ikkje er sjølve salget, men budprosessen som genererer pengane.

Spørsmålet er om dette er ei gylden anledning til å gjere gode kjøp eller berre ein dugnad for å gjere bakmennene til mangemillionærar over natta?

Har du erfaringar med nettauksjonar? Tips oss!

Kva meiner du? Bli med i debatten nedanfor!

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)