Hopp til innhold

Nytt bad var fullt av sopp

- Mitt råd til andre bustadkjøparar er å styre unna Protector. Snu i døra dersom dei er inne i bildet, meiner oppgitt huskunde. Er eigaskifteforsikring ein trygghet eller det stikk motsatte?

Badet før og etter

Biletet innfelt viser korleis badet såg ut då huseigarane kjøpte det, mens det store biletet viser noko av skada som var under overflata.

Foto: Ronny Reierstad, NRK

Les også: Meglere ber takstmenn lyve

Eigarskifteforsikring er å overlate ansvaret for eventuelle skjulte feil på
bustaden du sel, til eit forsikringsselskap. For nokre huskjøparar medfører det år med krangel mot ein profesjoll motpart om det dei trudde skulle vere ei opplagt forsikringssak.

Tok kampen

Kjetil Moen og Hilde Hagen frå Stavanger avdekka kort tid etter huskjøpet at det dei trudde var eit nytt og fint bad, hadde feil med membranen som hadde ført til sopp og råteskader. Dette var skader dei ikkje visste om då dei kjøpte huset, og som dei var sikre på at eigarskifteforsikringa skulle dekke.

Skadet bad

Noko av skada på badet.

Foto: Privat

Det vart i staden starten på ein hittil fire år lang kamp med eigarskifteforsikringsselskapet Protector.

- Deira strategi er rett og slett å få folk til å gje opp. Det trur eg mange gjer, og det forstår eg, for det er ein ting med kampen med badet og råten, men den kampen du har mot Protector i ettertid, den er tøff, seier Hilde Hagen.

- Mitt råd til andre bustadkjøparar er å styre unna Protector. Snu i døra dersom dei er inne i bildet, seier Hagen.

Overrepresentert

Det er ikkje første gong forbrukarar klagar på Protector. Arne Håkon Vik fra Halden gikk hele veien til Høyesterett i kamp mot Norges mektigste eierskifteforsikringsselskap.

Dei aller fleste vel å teikne eigarskifteforsikring når dei skal selge bustaden sin, men kva slags trygghet gir det den som kjøper bustaden?
Forsikringsklagenemda skal avgjere i forsikringssaker der ein ikkje klarer å bli enige. Nye tal derfra viser at eigarskifteforsikring i 2009 utgjorde dei fleste sakene nemda.

Av dei 217 sakene der nemda kom med vedtak, dreia 126 seg om eigarskifte. Det er med andre ord fleire saker som dreier seg om dette, enn om alle andre forsikringsformer tilsaman.


Aksepterer ikkje vedtak

Familien i Stavanger fekk medhold i Forsikringsklagenemda i sak, men det viste seg å hjelpe lite. Protector valgte å sjå vekk frå nemda sitt vedtak.

Nytt bad

Slik såg badet ut då huset blei kjøpt.

Foto: Privat


- Som forbruker så står du då heilt makteslaus. Dette er klageorgana vi har i Norge, og når eit selskap ikkje vil rette seg etter vedtaka der, så blir du ståande på bar bakke, seier Kjetil Moen.

Moen er ikkje aleine om å oppleve dette. Statistikk frå Forsikringsklagenemda viser at Protector i større grad enn andre forsikringsselskap vel å ikkje rette seg etter vedtaka i nemda. I fjor nekta selskapet åtte gongar å akseptere slike vedtak.

Til samanlikning nekta Gjensidige kun to gangar å gå imot nemda.
Når ein då legg til at Protector har ein markandsandel på 1,2 prosent og Gjensidige 28,4 prosent.


- Problematisk


Forbrukerrådet meiner det er problematisk at Protector ikkje respekterer nemda sine avgjerder.

- Det påfører folk forlenga saksbehandling. Det er eit problem at lille Protector har mange fleire slike saker enn dei store forsikringsselskapa i Norge, seier underdirektør i Forbrukerrådet, Jorge Jensen.


- Behov for å prøve


Protector seier dei i dei fleste avgjerene føl nemda sine vedtak, og at i dei sakene der dei har valgt å ikkje følge forsikringsklagenemda, skuldast det i hovudsak at avgjerdene etter Protector si oppfatning ikkje er i samsvar med gjeldande rett.


- Dessuten er eigarskifteforsikring ei ung forsikringsform. Det er då behov for å prøve ut fleire saker for retten enn kva som gjeld for andre forsikringsformer, seier direktør for eierskifte skadeoppgjør i Protector, Merete Christensen Bernau.

Ho avviser konsekvent at dei trenerer saker for å få folk til å gje opp kampen.

Skarpskodde juristar

- I nemda så sit det fem skarpskodde juristar og vurderer enkeltsaker, seier Jorge Jensen i Forbrukerrådet. Han meiner det er merkelig at Protector skal forstå lova betre enn desse.

- Protector må i så fall ha skjønt noko ingen andre har skjønt. Eg trur ikkje det er tilfelle, seier Jensen.

Bad eller prinsipp?


Etter fire års krangling med Protector har huskjøpararne i Stavanger no bestemt seg for å ta saka si til retten og har stevna Protector.

- Dette handlar ikkje lenger om eit bad, men om eit prinsipp. Protector skal ikkje lukkast i å få oss til å gje opp ved å oversjå nemda og trenere saka, seier Moen.

Les også: Bruker du nok tid på visning?

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)