Hopp til innhold

Ny prøverørsbehandling kan vere redninga til barnlause kvinner

Ved å fryse med eggcellene til minus 196 gradar på ein brøkdel av eit sekund, kan enno fleire kvinner no få realisert draumen om å få eigne born.

Karen Bateman og Carl Bate

Karen Bateman og Carl Bate er dei stolte foreldra til vesle Olivia Bate, som er den første babyen i Storbritannia som er fødd som resultat av den nye behandlingsmetoden.

Foto: Midland Fertility Services

Prøverørsbefruktning

Slik går prøverørsbefruktninga føre seg.

Foto: NRK

Olivia Grace Bate vart fødd i Storbritannia i desember 2010. Ho er som alle andre born, men vart til på ein heilt spesiell måte. Livet hennar stammar nemleg frå eit egg som var fryst ned til minus 196 gradar.

Mamma Karen Bateman (36) og pappa Carl Bate (40) var i ferd med å gi opp håpet om å få born. Heilt sidan 2002 hadde Karen forsøkt å bli gravid, men sidan ho lid av den kroniske sjukdomen endometriose var sjansen for å bli gravid liten.

Dei testa vanleg prøverørsbehandling, men det vart eit mislukka prosjekt. Berre eitt av dei 17 egga Karen produserte inneheldt eit livsdyktig embryo. Slikt vert det ingen born av.

– Me var heilt ute av oss då behandlinga ikkje lukkast. Me hadde sett alt håpet vårt til den, seier Carl Bate til den britiske avisa Daily Mail.

Fryst ned på ein augneblink

I 2009 forsøkte dei å prøve med den tradisjonelle IVF-metoden igjen. Men denne gongen fekk dei vere med på eit nytt testprosjekt, nemleg vitriofisering. Det går ut på å fryse ned eggceller svært raskt for å unngå at det vert danna iskrystallar som øydelegg cellene. Karen sine egg vart fryst ned til minus 196 gradar på berre ein brøkdel av eit sekund.

I mars 2010, fem månader etter at egga vart fryst ned, vart det implantert to opptente embryo i livmora til Karen. Så var det berre å vente.

– Det var den lengste ventetida i livet vårt. Eg tok ein graviditetstest ein morgon to veker seinare, og sprang skrikande til Carl då eg såg at den var positiv. Me var heilt overlukkeleg då ho vart fødd, fortel Karen til avisa.

95 prosent av egga er uskadd

Grunnen til at den nye metoden fungerte så godt for Karen har å gjere med at heile 95 prosent av egga overlever den raske frysingsprosessen. I tradisjonell prøverørbefruktning er berre to tredjedelar av egga uskadde.

– Sidan egget vert fryst ned såpass raskt får egget færre strukturelle skadar, noko som inneberar at det har betre sjansar for å overleve opptiningsprosessen, seier gynekologen Gillian Lockwood ved fertilitetsklinikken.

Peter Fedorcsak

Peter Fedorcsak ved Oslo Universitetssjukehus trur den nye behandlinga kjem til å bli meir og meir vanleg.

Foto: Universitetssykehuset i Oslo

Den nye metoden er til no berre gjennomført i Storbritannia, USA, Japan og Spania. Lege ved avdeling for reproduksjon ved Oslo Universitetssjukehus, Peter Fedorcsak, seier til NRK.no at vitrifiseringsmetoden har vore kjend i mange år, men at teknologiutviklinga dei siste åra først no har gjort det mogleg å utføre dette på vanlege klinikkar.

– No ser det ut som at meir brukarvenlege instrument gjer at fleire laboratorium kan gjere dette i større grad, seier han.

I Noreg er det til no ikkje fødd nokon born ved hjelp av behandlinga, men blant anna på Rikshospitalet vert det no arbeidd med å tilpasse behandlingsmetoden.

Halvparten mislukkast i Noreg

Fedorcsak opplyser at omtrent halvparten av kvinnene som ønskjer prøverørsbehandling i Noreg mislukkast i forsøket. Vitrifiseringsmetoden kan gjere at nokon av desse kvinnene får eit nytt høve for å skaffe seg eigne barn.

– Det er heilt klart at dette kan vere eit stort håp for nokon kvinner, seier Fedorcsak.

Men avgrensingar i bioteknologilova gjer at det ikkje er mogleg for kven som helst å få fryst ned egga sine. I dag er det berre kvinner med alvorlege sjukdommar, som til dømes kreft, som kan gjere dette i Noreg.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)