Hopp til innhold

Nordmenn mest glade i jobben sin

Åtte av ti nordmenn er fornøgde med jobben sin. Ikkje i nokon andre land i Europa er folk meir tilfredse.

Bjørn Kjos

Bjørn Kjos vann i 2009 ein pris for å ha skapa ei verksemd kor det å ha det gøy på jobben er ein vesentleg del av kulturen til verksemda.

Foto: Berit Roald / Scanpix

43 prosent av norske arbeidstakarar seier dei er «veldig fornøgde» med jobben.

Det er best av 29 land i Europa som har vore med i ei undersøking gjort av rekrutteringssystemet Randstad. Berre Sveits er på nivå med Noreg.

37 prosent seier dei er «fornøgde» med jobben. Dermed seier åtte av ti spurde i Noreg at dei er glade i jobben sin, skriv Teknisk Ukeblad.

Fornøgd folkeslag

Førsteamanuensis Ole Johnny Olsen ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen meiner det er fleire ting som gjer at nordmenn er fornøgde med jobben sin.

– Eg vil tru at det har noko med økonomisk godtgjering å gjere. Det er også ganske stor grad av likskap mellom arbeidstakarar i Noreg. Eg vil tru arbeidstakarar meiner det er viktig å ha ulike arbeidsoppgåver, at ein i ganske stor grad kan styre arbeidsdagen sin. Det er dessutan viktig å ha ei viss grad av eigenutvikling, seier han til NRK.no

Han meiner Noreg sannsynlegvis kjem godt ut fordi vi opplever sosial tryggleik.

– Vi har eit relativt trygt arbeidsliv, og har ei fagforening å gå til om det skulle vere noko vi ikkje er fornøgde med, seier han.

Mexico best - Japan verst

Sjølv om Noreg og Sveits kjem best ut i klassen «veldig fornøgd», er det Danmark som har størst del fornøgde arbeidstakarar.

Asiatisk businessmann leser

Berre fire prosent seier dei er veldig fornøgde med arbeidsplassen sin. Det er ein tidel så mange som i Noreg.

Foto: Stuart Miles / Colourbox.com

Utanfor Europa er det i Mexico at det finst flest fornøgde arbeidstakarar. Der seier 41 prosent at dei er «veldig fornøgde» og 42 prosent at dei er «fornøgde».

– Det er vanskeleg å seie kvifor dei kjem så høgt. Det kan ha noko med referanserammene å gjere, seier Olsen og seier seg samd i at nordmenn kanskje ikkje hadde vore like godt nøgde med arbeidstilhøva i Mexico som det mexicanarane er.

Tilbake i Europa er det i Ungarn, Slovakia og i kriseråka Hellas at arbeidstakarane er minst nøgde med jobben.

I resten av verda er det Japan som kjem dårlegast ut. Berre fire prosent av arbeidstakarane i landet seier dei er «veldig fornøgde» med jobben.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)