NRK Meny
Normal

Nærøyfjorden – verdas vakraste arv

Dramatisk reiser majestetiske fjell seg over smal, djupblå fjord.

Gunnar Bergo og programleiar Monika Blikås i Nærøyfjorden.
Foto: Nils Arne Sæbø / NRK

NRK NETT-TV: Ut i naturen i Nærøyfjorden

Hanne Aass, Kari Toft og Monika Blikås i Nærøyfjorden.
Foto: Jørn Nordli / NRK

Steinkobbar dormar på solvarme berg medan havørna glir langs vårgrøne lier.Villreinen beitar ved breen og fuglekor syng i edellauvskogen. Eit eventyr? Ja – og det heiter Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane.

Rik urørt natur

Her får du nærkontakt med niser og steinkobbar, ser villrein og ørn. Dyrelivet er allsidigt i dette fjordriket inst i Sognefjorden.  

Sjå steinkobbar i fjorden i NRK Nett-tv: Sel i Nærøyfjorden

Monika Blikås og Dee Cunningham i badestampen på Stigen gard i Nærøyfjorden.
Foto: Jørn Nordli / NRK

Kongeveg og hyllegard

Den Kongelege postvegen frå 1600-talet ligg som eit nostalgisk og vakkert minnesmerke langs fjordsida. Vi går den populære turstien fram til Bleiklindi, den freda linda med genfeilen som fargar blada sitrongule.

Kari Toft, Monika Blikås og Hanne Aass i Nærøyfjorden.
Foto: Jørn Nordli / NRK

300 stupbratte meter opp frå fjorden har Stigen gard klort seg fast på ei luftig, grøn hylle. Tåkedottar kjem og går langs fjellkløftene på turen opp – der vi møter den hjertevarme verten Dee Cunningham.

Verten har opna dørene så alle kan få oppleve dette eventyret av ein utsiktsplass.

Villrein og ørnar

Reporter Kari Toft spente på seg skia og vandra høgt over Nærøyfjorden – på jakt etter villrein oppe ved Fresvikbreen. Reinen har vore borte frå området nokre år, men er no på veg tilbake igjen, så spenninga var stor…

Reporter Hanne Aass var også i Nærøyfjorden, der ho leitte høgt og lågt etter kongeørn og havørn i verdsarvområdet. På veg frå det hemmelege kongeørnreiret til havørnas hekkeområde fekk ho ei solid bonusoppleving på turen…

Desse historiene ser du og i programmet: Nærøyfjorden – verdas vakraste arv.

TV og radio

Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)
Før spiste vi høne til middag, nå kastes de og brukes i betong. Gjennom å redde et hønsehus med 7500 høner fra søpla, vil programleder Marit Evertsen Grimstad sette fokus på det skjulte matsvinnet og prøve å gjøre noe med det. Er det mulig å få høna tilbake på middagsbordet? (1:4)
Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.