For fire åra sidan vakna Victoria Verheugen med kraftige brystsmerter. Mora tenkte at det var stressrelatert, og foreslo ein avslappande runde med shopping. Men smerta ga seg ikkje, og på kjøpesenteret fekk Victoria problem med å puste.
– Mamma trudde då det var eit anfall av panikkangst, og prøvde å roe meg ned, seier ho til NRK i samband med «Hva feiler det deg».
Det gjekk ikkje. Dei dro til legevakta, som kjapt sendte dei vidare på sjukehus. Der blei det oppdaga blodpropp i lungene, eller lungeemboli, som det heiter på legespråket.
– Det var veldig skremmande. Det er ikkje så vanleg for 17-åringar å få blodpropp.
– Hevelse i beinet
Victoria Verheugen er ein av pasientane i tv-konkurransen Hva feiler det deg? på NRK.
Foto: Anders Leines
Victoria merka at noko var gale då ho var på ferie før blodproppen.
– Eg fekk ein hevelse i beinet. Eg svulma så kraftig opp at eg ikkje fekk på meg sko. Eg tenkte det kom av myggstikk, og fekk salve for det på eit apotek, utan at det hjalp.
Victoria veit ikkje nøyaktig kva som var årsaken til blodproppen hennar.
– Eg kan ha fått det på flyturen, eller på grunn av varmen. Det kan også vere fordi eg hadde skifta p-pillemerke like før turen.
Sigrid Brækkan forskar på kva som gir auka risiko for blodpropp.
Foto: Kristian L. Forsberg
– Vi har nok blitt flinkare til å oppdage blodpropp, men samtidig har det blitt meir fokus på forebygging, som burde gitt ein nedgang.
Fleire eldre og overvektige kan også forklare litt av auka. Men nesten halvparten som får blodpropp i beina eller lungene, har ikkje tidlegare kjent årsak til å vere i faresona.
– Vi veit ein del om kva som aukar risikoen for propp, men tydelegvis ikkje nok.
– Ring legen din dersom du mistenker at du har fått ein blodpropp i beinet. Ikkje ta til takke med ein time om to veker, men helst same dag eller den neste, seier legen i «Hva feiler det deg», Wasim Zahid.
Wasim Zahid er kardiolog og overlege ved Drammen sykehus. Og kjent frå legelaget i Hva feiler det deg? på NRK.
Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK
Han forklarar at tida er viktig. Før eller seinare vil deler av proppen kunne losne og flyte med blodstraumen til lungene. Det er då det verkeleg kan bli fatalt.
– Då blir du tungpusta, kan få vondt i brystkassa og kan svime av. Det er en akutt situasjon, som krev rask behandling for. Så då er det strake vegen til legevakt eller sjukehus, understrekar Zahid.
At proppen flyttar seg til lungene, kan skje alt frå dagar til veker og månader etter at blodproppen først oppsto.