– Eg følte at eg gløymde ting som eg elles ville gjort noko med, seier Kristin Moberg Aakre. Ho arbeider som laboratorielege ved Helse Bergen.
Aakre gjekk over til heimekontor då koronatiltaka blei innførte i mars.
I staden for å sykle, gå eller jogge til jobb, blei ho sittande ved stovebordet med datamaskina. Kollegaer trefte ho ikkje lenger tilfeldig i gangen, men i digitale møte.
Sleit med fokus
Etter kvart fekk ho problem med å fokusere og konsentrere seg, fortel Aakre. Ho gløymde småting som ho trur ho ville hugsa på kontoret.
– Du går til kaffimaskina eller til lunsj, og så ser du ein kollega som har sendt deg ein e-post. Så hugsar du å svare. På heimekontor gløymde eg lettare å følge opp, seier ho.
Aakre skildrar dagane med heimekontor som veldig like.
– Spør du meg kva eg gjorde i mars, så er det mykje vanskelegare å svare på det i år fordi eg gjorde det same heile tida. Den perioden er ein litt grå masse, seier ho.
Kristin Moberg Aakre melde seg på Twitter for å minske sløvheita ho kjende kome etter ei tid med heimekontor.
Foto: Olav Moberg / privatDu hugsar meir med forflytting
Nevropsykolog Ylva Østby seier hugsen har ein tendens til å slå saman hendingar som liknar kvarandre. Når du gjer omtrent det same kvar dag, lagrar hjernen rett og slett færre opplevingar som minne.
– Det å flytte seg i omgivnadene har mykje å seie for hugseevna. Den har mykje med stadsansen å gjere, seier Østby.
I eit eksperiment bad amerikanske forskarar forsøkspersonar om å memorere fotografi frå ein busstur. Personane hugsa betre bilda der bussen stod framfor ein sving, enn der svingen var passert eller vegen låg slak frametter.
Dette tyder på at ein hugsar meir av episodar der ein står overfor eit val eller vegskifte, fortel Østby. Fysisk oppmøte på ein arbeidsplass gir fleire slike skifte enn heimekontoret gir.
– Ein har skifte i at ein går på og av bussen, frå bussen til kontoret og frå kontoret til kantina. Desse rørslene gir hjernen signal om at noko skal lagrast, seier Østby.
Nevropsykolog Ylva Østby syntest sjølv det var vanskeleg å hugse kva dag det var då ho ikkje lenger skulle møte fysisk på arbeidsplassen, som på bildet.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NrkBryt med rutinane for å minnast
Østby tilrår å bryte opp dagane om ein kan.
– Ein kan prioritere å lage tydelege skifte, kanskje lage litt forskjellig mat kvar dag. Eller ein kan avtale lunsj med andre enn kollegaene, slik at noko skil seg frå dei vanlege møterutinane, seier ho.
Kristin Moberg Aakre fann rutinebrota ho sakna på Twitter. Her trefte ho mange ho elles ikkje ville snakka med, fortel ho.
– Der må du tenke over korleis du skal oppføre deg og kva du meiner om forskjellige spørsmål. Det passa bra for ein skravlete bergensar, ler ho.
Med heimekontor slepp du transportetappen til jobben, men slike etappar kan vere nyttige for hugseevna di.
Illustrasjon: Patrick da Silva Saether / Patrick da Silva Saether