Mattilsynet vurderer forbod

Ser nærare på forbod mot tåteflaskegifta BPA i Danmark og Canada etter FBI-reportasje.

Tåteflaske
Foto: LINDAUER Thierry / PHOTOPQR/LA MONTAGNE

Det har blitt mykje merksemd kring bruken av miljøgifta bisfenol A i tåteflasker og narresmokkar etter at FBI og miljøorganisasjonen Grønn Hverdag sette søkjelyset på saka denne veka.

Fleire land jobbar med forbod mot bruk av miljøgifta, men i Noreg har styresmaktene vurdert dei norske grenseverdiane som trygge. Dette trass i at Statens forureiningstilsyn og fleire ekspertar ønskjer forbod mot stoffet.

No skriv Mattilsynet på sine heimesider at dei ønskjer å sjå nærare på grunngjevingane for at Danmark og Canada ønskjer å forby bruk av BPA, og vurderer eit norsk forbod.

Tek stilling innan kort tid

Mattilsynet skriv at dei har observert saka i lang tid, og følgt med på utviklinga i andre land sidan i sommar, mellom anna gjennom jamnleg dialog med danske styresmakter.

Dei skriv vidare at dei innan kort tid vil sende ei utgreiing og anbefaling til Helse- og omsorgsdepartementet om korleis ein bør følgje opp denne saka vidare.

Håper på forbod

Tone Granaas

Tone Granaas.

Foto: Grønn hverdag

Dagleg leiar i Grønn Hverdag, Tone Granaas, seier til miljøorganisasjonen sin nettstad at ho er godt nøgd med utviklinga.

- Uvissa er stor, og fagmiljøa er sterkt usamde i om bisfenol A er trygt i produkt for små barn. Difor er vi veldig glade for at Mattilsynet vil revurdere saka.

Ho seier vidare til nettstaden at ho forventar eit forbod.

- Vi håper og forventar at Mattilsynet konkluderer med at forbod er vegen å gå.

TV og radio

Tonnevis av søtsaker går rett i søpla fordi det er billigere å kaste enn å gi bort. Knut Arild Hareide og kona Lisa Maria bestemmer seg for å gjøre noe med dette.
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)