NRK Meny
Normal

Seks av ti vil ikkje drikke framfor barna

Seks av ti nordmenn meiner ein bør la vere å drikke alkohol saman med barnet sitt. I Oslo er dei mest liberale, medan tre distriktskommunar er mest tilbakehaldne.

Vin.

ALKOHOL OG BARN: Ikkje alle er like restriktive når det kjem til å drikke alkohol framfor barna. 7600 nordmenn har delteke i undersøkinga.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Ei fersk spørjeundersøking frå måtehaldsorganisasjonen Av-og-til viser at foreldre si haldning til det å drikke alkohol saman med barna er svært ulike frå kommune til kommune.

Over 7600 nordmenn har delteke i undersøkinga i rundt 30 Av-og-til-kommunar. Fleirtalet meiner ein bør halde seg unna flaska når ein er i selskap med barn.

  • 65 prosent av dei spurde meiner ein bør la vere å drikke når ein er saman med barn.
  • Men når ein er i selskap og fest med barn til stades, er talet lågare. Då meiner 53 prosent at ein må halde seg edru.

Men det er altså store forskjellar rundt om i landet for kor liberale eller konservative ein er med tanke på barn og alkohol.

Mest liberal i Oslo

Flest av dei som meiner ein kan ta seg eit glas sjølv om ein er saman med barn, finn ein i Oslo. Der svarar halvparten at ein må la vere å drikke når ein er i lag med barn – og berre ein av tre seier dei vil la vere på ein fest der born er til stades.

Der flest seier nei til å drikke saman med barn, er på Nord-Vestlandet og Sørlandet.

I Sogn og Fjordane svarar nesten åtte av ti at dei meiner alkohol ikkje høyrer heime når barna er til stades. Også Aust-Agder og Møre og Romsdal seier folk dei er restriktive med alkohol og barn.

  • Sjå heile tabellen nedst i artikkelen.

Haldninga er elles liberale på Austlandet, medan ein generelt er meir tilbakehaldne på Vestlandet og i Midt-Noreg.

Store forskjellar i kommunane

Også frå kommune til kommune varierer haldningane. I Hordaland er til dømes skilnaden stor mellom dei to nabokommunane Voss og Kvam.

I Kvam finn du dei foreldra som er mest negative til å alkoholhald saman med barn. 85 prosent svarar at dei aldri meiner alkohol går saman med barn.

Kvam, Jølster og Valle har dei strengaste haldningane til å drikke alkohol framfor barna, viser undersøkinga.

I Kvam ville tre av fire spurte heller ikkje tatt fram alkoholen på ein fest der det er barn.

Der skil nabokommunen Voss seg. Over halvparten av dei spurde vossingane meiner det er greitt å drikke alkohol på selskap eller fest, sjølv om det er barn der.

– Overraska over tala

Kampanjekoordinator i Av-og-til i Voss, Lars Egil Sjøtun, er overraska over tala.

– Det var litt overraskande. Eg kan ikkje forstå at vossingane har nokon meir laussleppt festkultur med barn og unge enn kvemmingane, seier han til NRK.

Voss er ein av dei om lag 30 norske kommunane som deltek i måtehaldskampanjen Av-og-til. Sjøtun vil bruke tala i haldningsarbeidet i kommunen.

– Det er klart dette er tal vi må ta tak i. Så får vi sjå om tala vert betre i framtida, seier han.

I Kvam meiner ein dei tydelege haldningane er resultatet av eit bevisst arbeid.

– Vi synst dette er veldig gledeleg og positivt. Vi har vore synlege i lokalsamfunnet i ti år med dette bodskapen, seier Bjørnar Dagstad, kampanjekoordinator i Kvam.

Han understrekar at dette ikkje handlar om nulltoleranse for alkohol.

– Dette er ikkje ein fråhaldskampanje, men ein kampanje for å få folk til tenkje seg litt ekstra om før ein tek fram alkoholen, seier han.

Her ser du heile tabellen, fordelt på fylke:

Så stor prosentdel vil la vere å drikke alkohol:

 

Total

Østfold

Akershus

Oslo

Hedmark

Oppland

Buskerud

Vest-
fold

Tele-
mark

Aust-Agder

Vest-Agder

Rogaland

Hordaland

Sogn og Fjordane

Møre og Romsdal

Sør- Trøndelag

Nord- Trøndelag

Nord-
land

Troms

Finn-
mark

Når man er sammen med barn

64,9

60,8

61,4

51,2

66,6

69,7

65,1

59,9

62,2

75,7

65,6

68,2

69,4

78,2

72,4

65,5

73,4

73,1

66,2

68,2

Når man er sammen med barn i selskap og fest

49

48

43,4

36,8

55,4

46,8

44,8

43,1

45

59,5

55,5

57,2

52,8

61,6

61,9

49,5

51,2

50,8

47

60,2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

,

 


TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.