Mange gløymer viktig solråd

Noreg ligg i toppen av hudkreftstatistikken i verda. Kreftforeningen seier dei fleste tilfella kunne vore unngått med enkle grep.

Ein mann held hendene opp mot ansiktet, klar til å smøjre solkrem i fjeset sitt. Augene er lukka og han har på seg solhatt. På det grøne graset bak han sit det fleire som solr seg.

Viljam Brodahl nyt sola etter ein kald vår. Her smør han seg litt ekstra i fjeset til ære for NRK.

Foto: Maria Olivia Rivedal / NRK

– Eg er ganske flink til å smørje meg når eg skal sole meg, seier Håkon Brandsnes (25).

Han og kompis Viljam Brodahl (26) nyt sola i ein park i Oslo.

– Men det er lett å gløyme solkremen når eg berre skal ut ein tur, innrømmer han.

– Plutseleg har eg sete timevis i sola utan.

Viljam er einig.

– Skal eg ned i byen å gå rundt, tenker eg at eg ikkje treng det.

To menn i bar overkropp og lys hud sit i parken og solar seg. Han eine rekk kompisen flaske med solkrem medan han smørjer seg sjølv.

Kompisane Håkon Brandsnes og Viljam Brodahl veit korleis dei skal beskytte seg mot sola og brukar mellom anna solhatt. Dei innrømmer at solkrem er lett å gløyme når dei ikkje solar seg.

Foto: Maria Olivia Rivedal / NRK

Smør deg i kvardagen også

Samla sett ligg Noreg på topp i Europa, saman med Danmark og Nederland, når det kjem til hudkrefttypen melanom, ofte kalla føflekkreft.

På verdsbasis ligg vi berre bak Australia og New Zealand.

Ingrid Stenstavold Ross i Kreftforeningen seier det mellom anna kjem av at vi er for dårlege til å beskytte oss mot sola.

– Skal du ut å gå, trene, jobbe i hagen eller sitte på kafé og det er sol, så må ein beskytte seg. Det er ein god vane å smørje seg med solkrem før ein går ut, seier Ross.

Les også: Reagerer på råd om å bruke mindre solkrem

Ifølgje Kreftforeningen har 90 prosent av hudkrefttilfella samanheng med for mykje sol og solarium, og kunne vore kraftig redusert om vi berre hugsar på å beskytte oss betre.

En kvinne med mørke klær og brunt hår ser mot kamera. Det er Ingrid Stenstadvold Ross fra Kreftforeningen.

Ingrid Stenstadvold Ross er generalsekretær i Kreftforeningen. Ho seier vi må beskytte oss betre mot sola.

Foto: JORUN VALLE NILSSEN

I tillegg til å smørje seg med solkrem kan det vere lurt å dekke til huda med eit plagg, bruke solhatt eller caps og passe på å ta pausar frå sola.

I år har dei også registrert at færre har gått til legen for å sjekke føflekkar som har endra seg.

– Gjennom Kreftregisteret har vi god oversikt og veit kva vi kan vente av tilfelle kvart år. Når vi ser at talet på denne typen hudkreft går ned, så er ikkje det ei god nyheit i denne samanhengen.

Koronapandemien får mykje av skulda for dette.

– Det betyr truleg at dei ikkje har gått til legen endå. Så dette er urovekkande, seier Ross

Følg med på huda di

Linn-sjekk-blue

Linn Landrø er hudlege og undersøker pasientar ved Rikshospitalet. Ho seier det er viktig å følgje med på huda si for å sjå om ho endrar seg.

Foto: Maria Olivia Rivedal / NRK

På Rikshospitalet i Oslo er hudlege Linn Landrø i full sving med å sjekke dagens pasientar ved poliklinikken.

Ho har også inntrykk av at det er færre tilvisingar til avdelinga med spørsmål om hudkreft eller behandling.

– Melanom er den kreftforma som aukar mest i Noreg. Det er ein aggressiv type der tidleg behandling er viktig for prognosen. Difor er det så viktig å oppdage og behandle han så tidleg som mogleg, forklarar Linn.

Både Kreftforeningen og Landrø bekreftar at risikoen er størst blant menn, der både dødelegheit og førekomst er høgare enn hos kvinner.

Melanon-skjerm-blue

Hudlege Linn Landrø viser korleis ein melanom, ofte kalla føflekkreft, ser ut. Denne har tydelege endringar i farge og fasong.

Foto: Maria Olivia Rivedal / NRK

– Det er viktig å sjå etter endringar i flekkane og sjå etter nye flekkar i huda som har ujamn farge eller fasong som her, seier Linn Landrø og peikar på det ho seier er ein opnebar flekk med kreft.

Les også: 30 prosent mindre føflekkreft-risiko med høg faktor

Ha med solkrem i sekken

– Føflekkreft er jo veldig enkelt å fjerne om ein kjem tidleg til legen, seier Ingrid Stenstavold Ross i Kreftforeningen.

– Då skjer ein rett og slett berre vekk føflekken og område rundt, så er det behandlinga, forklarar Ross.

Særleg i år er ho bekymra for at ikkje folk kjem seg til legen tidsnok.

– Dette er ei kreftform som tar mange liv i Noreg og vi ligg i verdstoppen. Det bør vi absolutt ikkje gjere.

– Så smør deg før du går ut i sola, ha med solkrem i sekken, og nyt sommardagane i skuggen når du kan!

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)