Eg vart kald, men eg fekk bekrefta noko eg hadde mistanke om. Eg hadde sett at han hadde forandra seg og at det var noko som ikkje stemte. Eg håpa at han skulle kome seg ut av det. Det seier Gudveig Eikeland, mor til ein stoffmisbrukar.
Det er ei evigvarande sorg og maktesløyse. Eg opplever at ein eksisterer berre og må lære å nyte livet. Eg prøver å glede meg saman med andre. Så har eg ein jobb som tar litt tid.
Når ein lever i en slik situasjon, så tenkjer ein ikkje så mykje på korleis eg har det. Det gjeld berre å eksistere. Eg gret nok ein del.
Da han kom til behandling og eg kjende at han var trygg, da kunne eg slappe av og sove. Men det er ei stor sorg. Her mister du eit barn mest kvar dag. Eg greier ikkje å leggje det bak meg. Eg lever i det heile tida.
Eg tenkte myke på at han skulle døy. Eg skvatt da telefonen ringde etter klokka 22 om kvelden. Eg planla grevferda hans. Men når det går så nokonlunde bra, greier eg å leve nokre dager til utan for mykje sorg.
Han har nok tenkt mykje på å ta sitt eige liv. Det er ikkje noko skremselsskot frå hans side, trur eg. Eg har funne brev etter at han flytta ut, og det har nok lege ei stund. Det er eit bevis på at han har tenkt i dei banar og at det ikkje er noko han har kome på plutseleg.
Gudveig Eikeland ønskjer eit godt liv for seg sjølv og dei rundt seg. Ho ønskjer å setje seg ned å gle seg over dei små ting - våren, naturen og at dei rundt mhenne har det godt. Da har eg ikkje levd forgjeves, seier ho. Eg ønsker å kunne sjå at eg har vore til nytte.
Du er ikkje lykkeleg utan at dine barn har det godt og at dei rundt meg har det bra. Eg håpar og trur at alt skal bli bra ein gong.
Sonen min si store sorg er den smerten han påfører dei rundt seg. Det har vi prata mykje om, seier Gudveig Ekeland, som framleis har håp om at sonen ein dag skal bli heilt rusfri.