Hopp til innhold

Lyst til å laste ned musikk?

2009 blir truleg året lovleg musikk på nettet tek av. Vi har sett nærare på alternativa for deg som vil komme i gong.

Nedlasting av mp3
Foto: Colourbox

Underhaldingsindustrien sin høgprofilerte kamp mot nettpiratar har dei fleste fått med seg. Men der blodtåka har klarna skjer det meir konstruktive ting.

Etter årelange kranglar om rettigheiter, tungvinte kopisperrer og lite brukarvennlege løysingar, byrjar det no endeleg å losne.

Musikkbransjen har på enkelte frontar lagt vekk stridsøksa overfor nettbrukaranes nye medievanar, og resultatet er ei mengd med lovlege alternativ for nedlasting og streaming av musikk på internett.

Lett tilgjengeleg skattkammer

Vinylentusiastar vil nok framleis halde seg lojalt til dei flotte men upraktiske samlarobjekta sine, men for dei fleste av oss er fordelane med musikk på nettet mange.

Heile platesamlinga kan lagrast på ein liten dings som du kan stikke i lomma og ta med deg kvar som helst. Du kan kjøpe yndlingslåtane dine enkeltvis, du kan gjere det når som helst, og det går på eit blunk.

Dei fleste nettbaserte tenestene bognar av musikkhistorie og gode anbefalingar, og det vil bli meir og meir vanleg å kunne laste ned musikk i såkalla «lossless» lydkvalitet (litt større datafiler der lydopplevinga ikkje blir svekka av komprimerte frekvenspekter slik som med mp3).

Enkelt å komme i gong

Du treng heller ikkje særlege datakunnskapar for å klare å laste ned musikk.

Eit godt utgangspunkt er å ha ei eiga mappe på datamaskinen til det digitale musikkbiblioteket ditt. Mange program og tenester vil også hjelpe deg med å organisere musikken din på ein god og oversiktleg måte.

Når du har betalt for tenesta du vil nytte eller for låta du vil kjøpe, kan du enkelt musikken mellom pc, mp3-spelar og mobiltelefon med ein usb-kabel eller andre standardformat.

Utvalet av lovlege låtar på nettet veks stadig, så no handlar det mest om kva slags teneste som passar for deg. Her er eit knippe av kandidatane.

iTunes Music Store

iTunes

iTunes.

Foto: Lyd og Bilde

Dette er den desidert største musikkbutikken på nett, med eit svimlande stort antal låtar som ingen andre foreløpig kan måle seg med. Nyttar du andre Apple-produkt er dette eit smart val, då iTunes automatisk snakkar med desse.

iTunes er eit program du lastar ned til pc eller mac, og som i tillegg til å vere ein musikkbutikk også er ein avspelar og ei synkroniseringsteneste for til dømes iPod-en.

I tillegg til musikk, kan du laste ned podkastar, det vil seie radiosendingar, digitale bøker, iPhone-applikasjonar og anna digitalt innhald.

Prisane ligg på mellom åtte og ti kroner per song, og omlag 80 kroner for eit heilt album.

Platekompaniet

Platekompaniet

Platekompaniet.

Foto: Lyd og Bilde

Den norske butikkgiganten har etter lang tids nøling no fått på plass ei mp3-nedlastingsteneste i samarbeid med Telenor/Djuice.

Nettbutikken til Platekompaniet ser bra ut, og har eit stort utval norske og utanlandske artistar til fornuftige prisar. Èi låt kostar åtte grunkar, eit album mellom 79 og 99 kroner.

Du kan laste ned favorittsongane dine til pc-en, eller direkte til mobilen – dersom du er Telenor- eller Netcom-kunde.

Musikkbutikken tek eit «fingeravtrykk» av deg i form av mobilnummeret ditt, slik at du kan laste ned låtar du har kjøpt på nytt når du føler for det.

Betaling skjer anten over telefonrekninga eller med betalingskort direkte på nettsida.

CDon.com

CDon.com

CDon.com

Foto: Lyd og Bilde

Dette er veteranen på nettbasert platesal i Norden med ti år på baken.

CDon.com si nedlastingsteneste «On Demand» kunne nok trengt ei grafisk overhaling, men både utvalet og prisane er gode.

Her får du dei rimelegaste låtane for ei skarve krone, og album frå 39 kroner og oppover.

CDon tilbyr også nedlasting av videofilmar og pc-spel.

Prefueled.com

Prefueled

Prefueled.com

Foto: Lyd og Bilde

Dette er den butikken som er tydelegast retta mot ei bestemt målgruppe.

Stilig grafikk og heftig musikk frå første sekund skal lokke ungdommen til å nytte pappa sitt kredittkort. Men trass i frisk layout og norsk språk, er ikkje sidene dei mest oversiktlege.

Prefueled har eit godt utval av kjende artistar, men skil seg ut ved å tilby musikk av talent utan platekontrakt. Håpefulle musikarar lastar opp eigen musikk til sida for å sjekke responsen, og mange lèt brukarane kose seg med låtmaterialet gratis.

Urørt

Urørt

NRK Urørt.

Foto: Lyd og Bilde

NRK Urørt er Noregs største nettsamfunn for artistar utan platekontrakt. Spennvidda er stor, frå han som nett har fått seg gitar i konfirmasjonsgåve, til etablerte rockeband som allereie har lang internasjonal turnéerfaring.

Tenesta har eit imponerande omfang på innhaldssida, og trass i at kvaliteten på låtane naturleg nok er høgst varierande ligg det mange godbitar her for den som leitar.

På Urørt er all streaming og nedlasting gratis, og dei mest populære (nedlasta) artistane får speletid på Urørts radiosendingar på NRK P3, noko som har sparka i gong karrierene til mellom anna Ingrid Olava og Ida Maria dei siste åra.

Eige eller leige?

Spotify

Spotify.

Det å kjøpe og eige musikk er ikkje lengre einaste alternativ. Såkalla «streaming » av musikk, altså avspeling over nettet, har teke av for alvor den siste tida. Og storparten av æra skal det svenske programmet Spotify ha.

Streaming fungerer som ein slags personleg radio, og Spotify gir deg tilgang til tusenvis av artistar frå alle tenkjelege sjangrar.

Spotify er gratis om du tåler ein radioreklamesnutt i ny og ne, men dei krev foreløpig at du blir invitert av ein betalande brukar. Betalar du 99 kroner i månaden, har du fri tilgang til Spotify utan reklame.

Tenesta har vore omstridd i platebransjen, men ser no ut til å ha fått ein udiskutabel posisjon som pioner for framtidas nettbaserte underhaldning.

Nyleg starta Spotify også med nedlasting for betalande kundar , avgrensa til 3,333 songar per brukar.

Norsk konkurrent prøver seg

Wimp

Wimp.

Foto: Aspiro

Wimp har ambisjonar om å bli det norske svaret på Spotify, og er eit samarbeid mellom Platekompaniet og mobilinnhaldsleverandøren Aspiro.

Som med Spotify, lastar du ned eit lite program til datamaskinen for å få tilgang til å streame musikk, og biblioteket til Wimp er relativt stort.

Du kan også kjøpe musikken du høyrer på som datafiler, og til dømes overføre den til andre mobiltelefonen eller mp3-spelaren.

Wimp er framleis under beta-testing for utvalde brukarar, og foreløpig er det uklart kor mykje du må betale for å nytte tenesta når den opnar for fullt.

Har du ein favoritt du vil anbefale, eller lurer du på kva du skal velje? Diskutér her!

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)