Nesten-fadesen var nær ved å bli røyndom, og hadde ikkje veterinærane føreteke ein siste sjekk av hamsteren før kremeringa, hadde verda blitt ein hamster fattigare.
Etterlot Benny ei ei skoeske
Familien til Benny i West Midlands i England, trudde at hamsteren var daud.
Dei sette frå seg hamsteren i ei skoeske saman med kremasjonsavgifta på trappa utanfor kremasjonsklinikken.
I skoeska der veterinærane fann Benny, låg det òg med to handlaga kort med helsingar frå barna i familien.
- Det var tydeleg at Benny var høgt elska, seier Peggy Lines, ein av sjukepleiarane på klinikken.
Men Benny var ikkje daud
Etter kvart viste det seg at Benny slett ikkje var daud, men at han hadde gått i dvale.
Benny låg godt samankrølla i skoeska, og hadde ei svak, men stø hjarterytme då veterinærane føretok den siste sjekken før kremeringa. Sjukepleiarane på klinikken pakka Benny inn i eit varmeteppe, og plasserte han i eit stort og trygt bur over natta.
- Neste morgon var Benny i fin form igjen, seier klinikksjefen Val Marsh til den britiske avisa Express and Star.
På jakt etter familien
Etter at veterinærane vekte Benny, og no er dei på jakt etter eigarane. Benny ser ut til å vere ved godt mot, men ein kan jo spørje seg om han bør sendast tilbake til familien sin.
Erik Bolstad
På dyrenes side, 7. februar 2001