Hopp til innhold

Lei av å liggje vaken?

Å dele seng med partneren, er å stele søvn frå partneren. Søvnekspertar meiner det er på høg tid å droppe dobbeltsenga.

Partneren holder deg våken
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Å sove i samme seng, og gje kvarandre alt ein treng, er viktig både for trønderrockarar og dei fleste som ønskjer å dele livet saman.

Men skal vi høyre på britiske søvnspesialistar, bør vi halde oss til å dele livet i våken tilstand.

Dr. Neil Stanley, ekspert på søvn ved universitetet i Surrey, har funne ut at par som deler seng i snitt har 50 prosent dårlegare søvn enn par som søv kvar for seg.

- Gjer som romarane

Stanley, som søv godt gift i enkeltseng, syner i følgje BBC til at det historisk sett aldri har vore meininga at menneske skal dele seng.

Denne moderne tradisjonen starta i følgje forskaren under den industrielle revolusjonen, då menneske som flytta til overfylte byar var nøydde til å klare seg på dei skarve kvadratmetrane dei fekk.

I oldtidas Roma var ektesenga berre ein tumleplass for seksuell utfolding, og før viktoriansk tid (1937-1901) var det slett ikkje uvanleg at ektepar sov kvar for seg.

Stanley meiner difor at fleire folk i dag burde vurdere å følgje opp desse tradisjonane.

Trønderrockar trassar forskarane

Dag Ingebrigtsen i 1990

Dag Ingebrigtsen vil framleis sove i samme seng.

Foto: Elin Høyland / SCANPIX

Med landeplaga «Vil du værra me mæ hjem i natt», har Dag Ingebrigtsen oppmoda nordmenn om å dele seng sidan 1994.

Når NRK konfronterer han med dei nye forskingsresultata, blir han overraska.

- Eg søv godt når eg deler seng. Det kjem an på forutsetningane så klart, om du deler seng med nokon du ikkje burde dele seng med, kan dårleg samvit spele inn - men ein søv godt heime saman med ein partner.

Han tek ikkje sjølvkritikk på at han kan ha villeidd det norske folk i femten år.

- Eg har verken villeidd eller rettleidd. Men eg kunne ikkje tenkje meg å slutte å dele seng sjølv.

- Folk trur dei søv godt

Vil du værra' me' mæ' hjem i natt,
ska vi sov' i samme seng i natt,
æ' kainn' gi dæ' alt du træng' i natt - hvis du tør!

Dag Ingebrigtsen / dagingebrigtsen.no

Søvnekspert Stanley koplar søvnproblem til depresjon, hjartesjukdomar, slag, lungesjukdomar, trafikk- og arbeidsuhell, og skilsmisse - men likevel blir søvn ofte ignorert som eit viktig helseaspekt.

- Vi veit alle korleis det er å kose på senga, for så å seie at ein skal sove, og leggje seg på kvar sin kant av senga. Kvifor ikkje berre ta skrittet vekk frå ektesenga med det samme?, spurde Stanley retorisk under arrangementet British Science Festival denne veka.

Dr. Robert Meadows, Stanleys søvnekspertkollega ved universitetet i Surrey, leia studien av 40 britiske par, der ein såg at når ein av personane i eit parforhold søv uroleg, er det 50 prosent sjanse for at partnaren blir forstyrra av det.

- Folk føler faktisk at dei søv betre med ein partnar, men forskinga seier noko anna.

Fungerer det, hald fram

Du treng likevel ikkje sage opp dobbeltsenga slett enno. Stanley meiner det finst unntak.

- Dersom du søv saman med nokon, og de søv heilt fint begge to, treng de ikkje å gjere endringar. Men ikkje ver redd for å prøve noko anna.

Sengedelingstilhengar Dag Ingebrigtsen fortel til NRK at han, trass i oppmodinga frå forskarane om å tenkje nytt, aktar å halde fram slik han gjer det i dag.

Og han understrekar at det uansett ikkje er aktuelt å ta med nokon heim lengre om dei tør - han søv med fast make no.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)