Hopp til innhold

Kundar saksøkt etter grytekjøp

Seks norske kundar er stemna for retten etter at dei har kjøpt svindyre gryter gjennom det amerikanske selskapet Saladmaster. No har dei seks misnøgde kundane starta kronerulling for å ta opp kampen mot selskapet sine norske seljarar.

Saladmaster
Foto: FBI

Dei seks kundane har saman med fleire tusen andre nordmenn kjøpt svindyre grytesett til mellom 20.000 og 50.000 kroner gjennom såkalla homeparty. Etter at FBI avslørte at grytene ikkje var så unike som seljarane hevda, klaga mange hundre misnøgde kundar til Forbrukarrådet.

Seks saker vart plukka ut og tatt inn for Forbrukertvistutvalget . Der vart dei norske seljarane, som opererar under paraplyen Cookware Norge, ilagt krav om å heve kjøpet og betale kundane pengane tilbake. Grunnen var at dei hadde levert ut eit forelda skjema om angreretten.

Feil skjema

Dei norske seljarane av Saladmaster-konseptet nekta å godta vedtaket frå Forbrukertvistutvalget. I følgje deira advokat Ole Takvam meiner dei at vedtaket er fatta på feil grunnlag, og vil difor prøve saka for retten.

Forbrukarrådet ønskte ikkje å bli med vidare i rettsapparatet, og trekte seg ut av saka etter handsaminga i Forbrukartvistutvalet. Dei seks tilfeldig utvalte kundane står difor att aleine mot seljarane av det amerikanske Saladmaster-konseptet i Norge.

- Viktig dom

- Dette er ein dom som vil få stor betyding ikkje berre for desse seks kjøparane eller dei 200 andre som har kontakta Forbrukarrådet. Dommen vil også få betyding for alle forbrukarar som har angrerett men ikkje har fått riktig klageskjema frå seljar, seier advokat Ola Fæhn som representerar dei seks norske kundane.


200 klager

Det er no to år sidan FBI første gong avslørte det amerikanske homeparty-konseptet, som då hadde seld grytesett til tusenvis av nordmenn for mellom 20.000 og 50.000 kroner.

I følgje seljarane var grytene unike ved at dei både hadde effekt på helsa og gav økonomisk vinst ved å bruke akkurat desse grytene. Dette mellom anna fordi dei brukte eit syrefast kirurgisk stål.

FBI viste at grytene slett ikkje var så unike og at ein kunne oppnå same effekt i heilt vanleg billege gryter. Forbrukarrådet mottok i etterkant over 200 klager. Fleire av desse står for tur til handsaming hjå Forbrukartvistutvalget.

Kronerulling

Tysdag 2. juni starta første rettsrunde i Nedre Romerike Tingrett. I første omgang er det spørsmålet om angrerett som skal handsamast. Men det kan også bli aktuelt å handsame spørsmålet om grytene sin kvalitet og marknadsføringa til seljarane.

Dei seks kundane har no sett i gang kronerulling i håp om at fleire vil hjelpe dei i kampen mot Saladmaster-konseptet, som driv sal både i Europa og USA.

100.000 kroner

I og med at saka har viktige prinsipp vil det truleg bli fleire rundar i rettsapparatet. Advokat Ola Fæhn ber difor andre misnøgde kundar støtte dei seks i kampen mot Saladmaster sine seljarar.

- For kvar rettslege runde kan det bli snakk om risiko på kanskje 100.000 kroner eller meir. Det er ein så stor økonomisk risiko at det er heilt urimeleg at disse seks tilfeldig utvalte skal bære heile risikoen aleine.

- Eg meiner at alle andre grytekjøparar bør bli med på å dele omkostningane, seier Fæhn, som understrekar at kronerullinga så langt har gitt lite resultat.

Det er venta at dom i første runde av rettssaka fell mot slutten av denne månaden.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)