– Kraftkrisa kunne vore unngått om vi hadde utnytta alternativa, seier kraftekspert Kjell Rønningsbakk og redaktør for nettstaden kraftnytt.no.
I Moss er selskapet Bio Varme AS i full gang med å bygge ut alternative energikjelde. Dei brenn havreskal, eit avfallsprodukt frå produksjon av frukostblandingar, og lagar varme. Førebels har dei kapasitet til å varme opp 400 bustader i Moss.
Eit steinkast unna står 43 heilt nye leilegheiter klare til innflytting til våren. Dei har ein ting til felles med svært mange nye bustadprosjekt her i landet. Dei skal varmast opp med varmekablar og panelomnar.
– Kraftkrisa kunne vore stoppa om politikarana hadde handla annleis, seier kraftekspert Kjell Rønningbakk. Foto: NRK/FBI
Bygger med straum
– Det skuldast mellom anna at markedet ikkje har etterspurd bustader med alternativ energi. I tillegg har det eit kostnadsspørsmål, seier dagleg leiar Svein William Nilsen i Moss Boligbyggelag.
Han er ansvarleg for bygging av 29 leilegheiter i sentrum. Også der skal leilegheitene varmast opp med elektrisitet.
Faktisk er meir enn åtte av ti nye bustader her i landet er elektrisitet framleis den viktigaste oppvarmingskjelda. Norske husstandar brukar i dag rundt halvparten av straumen på oppvarming.
Sterk vekst i forbruket gjer at kraftnasjonen Norge i dag brukar meir elektrisitet enn vi produserar på eit normalt år. Tørre vintrar som i år gjer oss difor avhengig av dyr import og svært utstabile prisar.
I Sverige blir søppelet vårt utnytta til bustadvarme. Foto: NRK/FBI
Køyrer søppel til Sverige
Det er langt i frå berre på utbygginga av fjernvarme Norge har svikta. I Narvik blir søppel frå store området pakka i rundballar og køyrt i lastebilar til Sverige. Der blir det nytta til oppvarming.
Og ikkje nok med det.
Vi må betale svenskane for at dei overtek og utnytta søppelet vårt til bustadvarming.
På Kårstø i Rogaland finn vi nok eit døme på at Norge har forsømt seg. Landets første gasskraftverk vil frigi store mengder spillvarme. Heile 40 prosent av dette vil gå rett ut i sjøen.
I Sverige produserar ein i dag ti gonger så mykje bioenergi som i Norge. I alt tilsvarar det like mykje som heile den norske vasskraftproduksjonen til saman.
Krev påbod
Kjell Rønningbakk, meiner den varsla kraftkrisa kunne vore stoppa om politikarane hadde handla annleis.
- Det bør bli eit påbod med krav om to energikjelde i nye norske bustader, er hans klare råd til norske styresmakter.
Han meiner det ikkje er noko heksekunst å utnytte meier alternativ energi i Norge.
- Det er berre å kopiere alt svenskane har gjort, så er vi kome eit godt steg på vegen, seier Rønningsbakk.