NRK Meny
Normal

Korleis manipulere barn?

Kor lett er det å manipulere norske tiåringar? FBI har testa ut brusgiganten Coca Cola mot Coop sin billigvariant Classic Cola. Sjekk resultatet her.

Femteklasse på Åsenhagen skole.
Foto: Kjartan Ovesen, NRK

20 elevar frå femteklasse på Åsenhagen skole i Skedsmo vart plukka ut til å bli med på FBI sitt forsøk. Vi gav elevane valet mellom den vanlege Coca Cola eller Classic Cola frå Coop.

Ikkje uventa valte sju av ti elevar den amerikanske brusgiganten Coca Cola. Men kor lett er det å manipulere elevane til å ta eit anna val?

Om regjeringa får det som den vil kan det snart bli lov å bruke lokkemiddel for å selje varer i butikkane. Det betyr at du kan få med til dømes ein gratis leike om du kjøper ei vare.

Regjeringstest

FBI bestemte seg for å teste ut regjeringa sitt forslag i praksis. Ti nye elevar ved femteklasse på Åsenhagen skule fekk same oppdrag som sine medelevar. Coca Cola mot Classic Cola frå Coop. Men denne gong følte det med gratis såpeboblar til dei som valte Classic Cola.

Tiåringane visste ikkje noko om forsøket eller sine medelevar, men gjekk rett i fella. Når det følte ein liten gåve med Classic Cola valte heile åtte av ti elevar den ukjende varianten. Berre to av elevane ville ha vanleg Coca Cola.

(Artikkelen held fram under biletet!)

Cola

Tilgifta avgjer ofte kven som vel kva.

Foto: Kjartan Ovesen, NRK

Bekymra

Forbrukarombud Bjørn Erik Thon er bekymra for at regjeringa no åpnar for bruk av lokkemiddel for å selje produkta. Han fryktar dette spesielt vil auke det kommersielle presset mot barn og unge.

- Det eg spesielt er bekymra for er reklame for feit, søt og usunn mat. Der har vi alt sett nokre forsøk frå bransjen om å begynne og selje den type produkt gjennom å bruke lokkemiddel.

- Slik marknadsføring er eit sterkt verkemiddel i reklame. Det er alt så stort kommersielt press på barn og unge at eg ser veldig få argument for at det skal bli enda enklare å drive den type marknadsføring, seier Thon.

Utfordrar forbodet

Bladbransjen har i fleire år utfordra forbodet mot bruk av lokkemiddel eller såkalla tilgift i marknadsføringa. I mange blad fylgjer det i dag med små leikar. I følgje sjefredaktør Svein Arne Søland er leiken viktig for salet av bladet.

- Ja, viss ikkje hadde vi ikkje hatt det, sier han. Og understrekar at mange i dag ser på til dømes Donald Duck og gåve som eit produkt og at mange ville opplevd ein mangel om leiken ikkje var der.

- Eit forbod mot å ha med leike ville gjort at heile konseptet var endra. Det ville øydelagt merkevara, seier Søland.

I sitt høyringsutkast skriv forlaget Egmont at i verste fall kunne forbudet enda med at salstala ville blitt redusert med mellom 20 og 50 prosent.

- Blir eit rotterace!

Elizabeth Hartmann, dagleg leiar i reklamebyrået Siste Skrik, er ikkje i tvil om at fleire aktørar vil gjere som bladbransjen om regjeringa sitt forslag kjem gjennom i Stortinget.

- Eg trur dei ulike leverandørane kjem til å overgå kvarandre. Så dette blir eit rotterace. Vi kan risikere at det blir så kraftig at det vil påvirke prisen på produktet. Dessutan er det ikkje særleg miljøvennleg med alle dei søppel-produkta som vil følgje med.

Bjørn Erik Thon

Kommersielt press på barn, meiner forbrukarombud Bjørn Erik Thon.

Foto: Kjartan Ovesen, NRK

Hartmann meiner regjeringa talar med to tunge når den uttrykker bekymring for auka press mot barn og unge på den eine sida, og samtidig åpnar for bruk av lokkemiddel.

Ho får støtte av forbrukarombud Thon. - Det er klart at regjeringa må tilpasse regelverket internasjonale lover og våre nordiske land. Store aktørar som Coca Cola og Mcdonalds vil oppleve det som uheldig med særeigne reglar når dei har kampanjar mot Norge, meiner han.

- Men det er eit politisk val. Skal man sjå på kostnanden for barn og unge, eller beskytte barna? Her har den norske regjeringa valt næringslivet framfor barna sine interesser, seier Thon.

TV og radio

Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)
Før spiste vi høne til middag, nå kastes de og brukes i betong. Gjennom å redde et hønsehus med 7500 høner fra søpla, vil programleder Marit Evertsen Grimstad sette fokus på det skjulte matsvinnet og prøve å gjøre noe med det. Er det mulig å få høna tilbake på middagsbordet? (1:4)
Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.