Hopp til innhold

Kinesarar krabbar seg i form

72 år gamal snekkar meiner han har funne den ultimate treningsforma.

Mann som trenar på alle fire

Illustrasjonsfoto.

Foto: Colourbox.com

For nokre millionar år sidan, reiste forfedrene våre seg opp frå bakken og byrja å vandre rundt på to bein med armane fri.

Sidan den gong har dette vore med på å definere oss som menneske, og i dag er det å krype rundt på alle fire noko barn og fulle folk gjer.

Men i Beijings gater og parkar krabbar ein sprek 72-åring rundt og er av ei heilt anna oppfatting.

Han Shusuo har gått på alle fire i 14 år - og meiner det har gjort underverk for helsa.

Kvitt ryggproblem og høgt blodtrykk

Mannen bak den noko alternative treningsforma har med seg fleire lojale tilhengarar på sine daglege turar gjennom Beihai-parken i Den forbodne by i Beijing, der meir enn tusen pensjonistar samlar seg for rekreasjon som Tai Chi og kaligrafi kvar morgon.

Han Shusuo byrja å leite etter ein god terapimetode då han måtte slutte som snekkar grunna problem med rygg og hjarte, muskelsmerter og høgt blodtrykk.

Kampsporten Shaolin Kung Fu, som etterliknar dyrerørsler, gav han ein idè.

- Eg bestemte meg for å gå til dyrehagen og sjå korleis dyra beveger seg, seier Han til LA Times.

Slik byrja han å etterlikne gangelaget til sjimpansar, elefantar og kenguruar - og sidan har helsa hans etter eige utsegn vore upåklageleg.

Trass i at forbipasserande trur han er handikappa, er Shusuo så overtydd om verknadane av krypinga at han meiner menneske dreg på seg sjukdomar av å gå rundt oppreist heile tida.

- Vil ikkje anbefale

Barn som krabbar

Kanskje bør han halde fram med dette som vaksen?

Foto: Colourbox.com

Men før du legg ut på krabbetur i jakta på ein mirakelkur, vil professor i idrettsmedisin ved Norges Idrettshøyskole, Roald Bahr, ha eit ord med i laget.

- Det er då alltid lurt å trene både overkropp og underkropp samtidig. Men ærleg tala: eg vil ikkje anbefale denne treningsforma når vi har så mange andre morosame måtar å trene på. Langrenn, roing og symjing vil gje samme effekt.

Shusuo sin evolusjonsbaserte treningsfilosofi har han også delte meiningar om.

Roald Bahr

Roald Bahr, professor i idrettsmedisin.

Foto: NRK

- Den største endringa til moderne menneske er ikkje at vi har reist oss opp frå bakken, men at urmennesket rørde på seg heile tida og sprang rundt på savannene på jakt, medan vi sit stille framfor pc-en dag ut og dag inn.

- Kan tilpasse seg alt

Akkurat kvifor forfedrene våre reiste seg opp er uklart.

Forsøk med aper trent til å springje på tredemølle har synt at det å gå oppreist i alle fall er meir energieffektivt enn å gå på alle fire.

Men skulle du likevel ønskje å prøve å halvere avstanden til bakken iført joggedress og sveitteband, vil du i følgje Bahr i det minste ikkje pådrage deg alvorlege plager eller slitasjeskader.

- Eg vil tru du får vannblemmer i starten, men ein kan då tilpasse seg alt.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)