Hopp til innhold

Kan fisken snakke?

Kvifor kolliderer ikkje fisken når dei sym så tett i stim?

Sild
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Eg ligg på seks meters djupne med luftflaske på ryggen og pustar tungt. Opp frå djupet kjem brått ein isblå steinbit smygande med kjeften open og kursen beint mot meg. Såg den meg nede frå steinura? Luktar eg mat? Stryk den opp langs beina mine fordi den frys?

Undervatnprat

Gisle Svandrup og Monika Blikås

Gisle Svandrup og Monika Blikås leitar etter fiskestimar i det fri.

Foto: Nils Arne Sæbø / NRK

Det var ein noko nervøs programleiar Monika Blikås som dykka ned til steinbitar, kveiter og lurande havål i Atlanterhavsparken i Ålesund. Der kjem vi så tett innpå fiskane at vi får oppleve korleis dei sansar livet rundt seg. Har du til dømes lurt på om dei pratar med kvarandre? Eller kva sansar dei brukar for å finne mat, og korleis desse sansane fungerer? Vi matar nærgåande storfiskar i søket etter svar…

Samspel i stim

Store fiskestimar er eit fascinerande syn, rørslene ser så grasiøse og samstemte ut. Men kvifor kolliderer dei ikkje når dei sym så tett i stim? Kva sansar brukar dei for å unngå det? Og kva er poenget med å symje i stim i det heile tatt? Vi tok turen ned i vintersjøen utanfor Bergen for å leite etter fiskestimar i det fri… og vart fort isande kalde. Men kvifor frys ikkje fiskane, slik som vi? Korleis klarar dei seg i iskald sjø?

Høgutvikla sansar

Roar Solheim og Hanne Aass

Roar Solheim og Hanne Aass prøvar å fange ugler.

Foto: Torgeir Beck Lande

Uglas spesialtilpassa sansar gjer den til ein svært dyktig nattjeger, spesielt gjeld det synet og hørselen. Hanne Aass blir med ugleekspert Roar Solheim ut i natta for å demonstrere uglas unike sansar.

Ein annan skogsinnbyggjar, beveren, er ein meister i husbygging. Ein beverfamilie på Gjøvik har derimot flytta inn i eit ferdighus! Midt i eit sementrør har familien levd og yngla i fleire år, og Kari Toft har vore på heimebesøk.

Seervideoer:

Einars første fisk

Leken knølhval

Som hund og bever

Ut i naturen, NRK1 tirsdag 1. april 2008

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)