Hopp til innhold

Julebordsreparasjon på 1-2-3

Du vaknar med intens skallebank og vage minner om å ha æreskjelt kolleger. Så oppdagar du at sjefen ligg ved sidan av deg. Kva gjer du?

Dagen derpå
Foto: Colourbox

- Skallebank er noko vi opplever fordi hjernen prøver å motverke den angstdempande effekten alkohol har på oss, forklarer rusmiddelforsker Jørg Mørland ved Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Alkohol gjer at bekymringar må vike og stemninga blir lett. For at det ikkje skal bli for ille, svarar hjernen med motreaksjonar. Problemet er at motreaksjonen frå hjernen sit lenger i kroppen enn alkoholen. Dermed ligg vi der med fylleangst.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Korleis bli kvitt skallebank?

Om du ikkje har gjort førebyggande arbeid og vaknar med intens skallebank, er det få tiltak som fungerer. Mykje forsking er gjort og det verserer mange kjerringråd, men det er lite som har bevist effekt.

Rå egg, tomatjuice med tabascosaus, kinesiske urter og asparges blir sagt å skulle fjerne skallebanken effektivt. Men i vitskaplege forsøk har dei feila. Heller ikkje vatn, kaffi, sportsdrikk, frisk luft eller trening får fylleangsten raskare ut av kroppen.

Smertestillande tablettar kan hjelpe for hovudpina, men då er det viktig at Paracet er det einaste du bør ta. Andre merker kan gi farlege biverknader når dei blir tekne i bakrus.

- Vitamin B6 er det einaste som etter vitskaplege forsøk har vist seg å ha ein ørliten effekt, forklarer Mørland.

Korleis takle ein æreskjelt kollega?

-Om du har skjelt ut ein medarbeider eller sjef, må du berre stramme deg opp neste arbeidsdag og fortelje at du er lei for å ha såra vedkommande, seier psykologiprofessor Fanny Duckert.

Dei årlege julebordsskandalane forklarar ho med dårleg buffé og fri bar. Bedriftene legg rett og slett sjølv opp til flatfylla.

-Vi drikk oss lynraskt forbi dei behagelege promillene og dundrer laus på flatfylla, og det er då skandalane oppstår. Eit godt tips til bedriftene kan vere å heller legge meir pengar i eit godt måltid, og heller knipe inn på omfanget av gratis alkohol.

Korleis takle julebordsflørten i ettertid?

Det er slett ikkje uvanleg at det oppstår romansar på julebord. Det kinkige i etterkant er å oppklare både kva du sjølv og den andre parten meinte eller ikkje meinte med det heile. Nok ein gong må ein stramme seg opp og ta ein prat.

-Du skal no halde fram med å jobbe saman med vedkommande. Du vil vel sleppe å rømme til Australia. Då må ein snakke saman og bli einige om nokre køyrereglar, seier samlivsekspert Sissel Gran.

-Og han eller ho der heime? Skal du fortelje eller ikkje om det som skjedde på julebordet? Det må bli opp til kvar enkelt. Det er i alle fall sesong for parterapi i etterkant av jul og julebordssesongen, fortel Gran.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)