Dei tilsette på Belle Isle Aquarium i Detroit i USA hevdar haien ikkje har vore i nærleiken av ein mann på minst seks år. No klør dei seg i hovudet og spør seg korleis ho kunne bli gravid.
Gentesting for å finne svar
Den amerikanske avisa Detroit Free Press, skriv at akvariet no vil ta i bruk moderne gentesting for å finne ut korleis haien kunne bli gravid.
Illustrasjonsbilete: Ung bambushai
– Heilt teoretisk sett er det mogleg å tenkje seg at ho var gravid før ho kom til akvariet, men vi skjønar ikkje kvifor det skulle ta seks år før ho fødde, seier ein av dei tilsette ved akvariet til Detroit Free Press.
Viss haien ikkje var gravid før ho kom til akvariet, må ho ha klart å gjere seg sjølv gravid. Dette er vanleg blant sniglar og nokre insekt, men forskarar har ikkje klart å påvise jomfrufødslar hos hai tidlegare.
– Vi trur dette verkeleg kan vere ein jomfrufødsel, seier ein oppglødd Doug Sweet, kurator ved akvariet.
Har skjedd tidlegare
Dette er ikkje fyrste gong ein hai i akvarium har fødd ”på eiga hand”. I eit anna amerikansk akvarium i Omaha fødde plutseleg den største hammarhaien. Denne haien hadde heller ikkje hatt kontakt med hann-haiar på fleire år, og forskarane spør seg no om haiane er i stand til å gjennomføre jomfrufødslar.