Arameisk og hebraisk
Jesus snakka nok eit språk som liknar dagens hebraisk. Men det var likevel så forskjellig at vi kan samanlikne det med skilnaden mellom norsk og tysk språk i dag.
Det seier språkforskar Sylfest Lomheim. Jesus snakka eit språk som heiter arameisk, og det var hans morsmål. Men Jesus var også skriftlærd og kunne lese hebraisk. Det gjorde han i synagogen.
Gresk
Truleg kunne Jesus også gresk. Det tolkar vi ut frå at Jesus vart forhøyrt av Pilatus, som var romersk embetsmann inst i Middelhavet. Og for å vere embetsmann der, måtte han kunne gresk. Dermed tyder det på at Jesus kunne gresk, fordi han vartforhøyrt av Pilatus.
Jesus var frå Galilea, og det var eit område som var prega av gresk språk og kultur, seier Lomheim. Det kan samanliknast med skilnaden mellom norsk og engeslk, - kanskje skilnaden ikkje var så stor heller.
Jesus jobba som møbelsnikkar og vandra truleg i miljø der det vart snakka gresk. Dermed var Jesus sannsynleg tre-språkleg, og det er det ikkje alle i vårt moderne samfunn som er, seier Lomheim.
Journalistane på Jesu tid
Evangelistane, som skreiv ned forteljinange om Jesus, var "journalistane" på den tida. Så vi kan vere nokså sikre på at det dei skreiv, det kan vi lite på. Folk lærde seg tekstane utanboks, og dei var nøye med å sitere rett.
Forteljartradisjonar
Dette kan vi samanlikne med den måten våre vikingar vidarefortalde stoffet på i sagatida. Sagaene levde og vart ikkje endra mykje. Og den tradisjonen var enda sterkare på Jesu tid, seier Lomheim. Folk hadde ei forbløffande evne til å hugse og memorere. Desse overleveringane kan vi stole på, meniner språkforskaren.