Jakob Sande var forfattar. Han skreiv lyrikk, som spenner frå etsande sosialkritikk og nesten grotesk humor, til vár kjærleiks- og naturlyrikk, bl. a. Svarte næter (1929, debut), Storm frå vest (1931), Frå Sunnfjord til Rio (1933), Sirius (1955). Han skreiv også noveller: Straumar i djupet (1935), Noveller i samling (1964). En rekkje av hans dikt høyrer til vår norske viseskatt.
Han var full av humor, dramatikk og til tider det makabre. Men han var også prega av såre kjensler og religiøs lengt. Han vart fødd i bestefarstova i Dale i Sunnfjord for 100 år sidan i desember i år og døydde i 1967 – litt over 60 år gammal.
Professor Steinar Supphellen (til høgre) ved NTNU i Trondheim er ein Jakob Sande-kjennar og er glad i lyrikken hans.
I somme av dikta sine skildrar Sande sitt tilhøve til Gud og kristentru. Verda omkring han har tolka nokre av dikta som blasfemiske – nærmast gudsbespottande, seier Supphellen.
Supphellen trur ikkje Sande meinte det vondt, men at dette er ein uttrykksform Sande brukte – både på godt og vondt. Det er særleg i diktet ”Svarte næter” dette kjem fram. Supphellen tykkjer det er litt synd at Sande kom på kant med kristenfolket heilt frå starten av, og dette vart ikkje heilt retta på så lenge han levde.
I diktet ”Då Gud heldt fest i Fjaler” skriv Sande nærmast profetisk. Diktet syner at han hadde Gud med seg i diktinga si.
Der skildrar han både den jordiske og himmelske solnedgangen. Han hadde nok hatt ei stor stund som bakgrunn får å skrive dette diktet, seier professoren.
Ein av dei mest kjende julesongane i vår tid – Det lyser i stille grender – eg også komen frå pennen til Jakob Sande. Dette er ei av dei fine perlene vi har etter han, seier Supphellen.
Du kan høyre heile samtalen med Steinar Supellen i Mellom himmel og jord søndag 21. mai i NRK P1 – der du også høyrer både han og Jakob Sande sjølv lese Sande-dikt.