Hopp til innhold

Kva er den verste reiseuvanen?

Nokon tåler ikkje ungeskrik, medan andre synest det er plagsamt med sterk matlukt. Når me reiser saman med mange andre kan det fort oppstå irritasjon, som kan øydelegge heile reisa.

jente tog irritert

Av og til skal det ikkje mykje til før ein blir irritert over medpassasjerane sine.

Foto: D Sharon Pruitt

Tenk deg dette scenarioet: Personen framfor deg legg seteryggen sin nærast i fanget ditt, medan han bak deg stikk knea sine i din seterygg.

Ein unge hylgriner, og ein ungdom høyrer på black metal som «lekker» ut av øyretelefonane hans.

På toppen av det heile har sidemannen funne fram skivene med makrell i tomat og teke av seg skoa.

Kjenner du deg att?

  • Stem på det du meiner er den verste reiseuvanen nedst i saka.

(Saka held fram)

barn tog

Ein unge i full fart kan vere ei utfordring for andre passasjerar.

Foto: Michelle Tribe

Bleieskift i flysetet

Lasse Sandaker-Nielsen

Lasse Sandaker-Nielsen, informasjonssjef i Norwegian.

Foto: Presse

Å vere ute på reise med mange andre menneske kan sanneleg vere ei prøving.

Men kva me synest er mest plagsamt ute på reise er forskjellig frå person til person.

– Stort sett oppfører våre passasjerar seg eksemplarisk når dei er ute og flyr med oss, men det er klart at me menneske er samansette, oppfører oss ulikt og reagerer på forskjellige ting, seier informasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen.

Han fortel at dei får tilbakemeldingar på alt frå at sidemannen snakkar høgt og «stel armlenet», til at passasjeren bak røsker i nakkestøtta når han skal reise seg.

– Me oppfordrar våre passasjerar til å bruke sunt folkevett, finne setet sitt raskt og trekkje til sida når andre passasjerar skal forbi. Og hugse på at dei delar plass med nesten 200 andre menneske, og tenkje seg om før dei til dømes skiftar bleie på barnet sitt i flysetet, seier Sandaker-Nielsen.

(Saka held fram)

fly

Norwegian ber folk ta omsyn til at det er oppimot 200 andre personar i eit fly.

Foto: colourbox.com

– Ikkje stress

Helge Baardseth

Helge Baardseth, redaktør i reisemagasinet Vagabond.

Foto: Johan M. Falch

Men har me for lett til å hisse oss opp over medpassasjerane våre?

– Den største uvanen er å la seg irritere, seier Helge Baardseth, redaktør i reisemagasinet Vagabond.

– Det er viktig å sette kropp og sinn i feriemodus og førebu seg mentalt på reisa. Det er ikkje bra å stresse seg opp, det er ikkje nokon god start på ferien, seier han.

Å senke skuldrene er eit godt råd. Men ein kan jo ikkje slappe av før «han bak deg» sluttar å sparke i seteryggen, til dømes?

– Nokon gonger må ein seie ifrå, men på ein hyggjeleg måte. Det er viktig med folkeskikk frå alle partar, også frå den som seier ifrå. Ein skal ikkje bli sint ute på reise. Smil og spør «Eg lurte på om du kunne ...», så ordnar det seg som regel, rår han.

Støy frå vaksne

Om Baardseth skulle trekkje fram ein uvane han irriterer seg over, så må det bli at folk høyrer på høg musikk, som høyrest godt av andre.

Ungeskrik kan også vere ei belastning, meiner han.

– Men eg er meir allergisk mot støy frå vaksne. Folk som er fulle og oppfører seg dårleg på flyet til dømes, det er ein uting, seier Baardseth.

Reisevett

Appelsin

Astma- og allergiforbundet rår folk som reiser med buss, fly og tog til å ikkje ete appelsinar, då folk kan vere allergiske mot dei. Mange kan også reagere mot sterk parfymelukt.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Kva «reisevettreglar» burde me så hugse på?

– Vis same empati for folk som du gjer i dagleglivet elles. Vis venlegheit, så får du nesten aldri nokon problem. Bruk dei sosiale antennene dine og hugs at du er ein liten brikke i det heile og at det er mange å ta omsyn til, seier Baardseth.

– Også må ein jo av og til tåle litt for husfreden sin skuld, seier han.

Kva synest du er verst når du reiser kollektivt?

Stem på din «favoritt», fortel om di verste reiseoppleving, eller kom med ditt beste reisetips i kommentarfeltet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)