IPAD til salgs

Apples nye Ipad allereie til salgs på omstridt norsk nettauksjon.

Bidit.eu
Foto: (faksimile)

Allereie dagen etter lanseringa, ligg Apple sitt nye surfe- og lesebrett ute til salgs på nettauksjonen Bidit . Lenge før produktet er kome i handelen i Norge.

Prisen står i skrivande stund i kroner 76,70. Tilsynelatande billig, men Bidit har allereie tjent minimum 4602 kroner på auksjonen.

Lurer du på korleis? Les vidare under lenka.

Omstridd

Bidit er ein av fleire såkalla øresauksjonar som no rettar seg mot det norske markedet. Denne forma for nettauksjonar er svært omstridd, og er blitt skulda for å minne meir om lotteri enn auksjon.

Øresauksjonane skil seg frå andre på tre sentrale punkt:

  • Alle auksjonar starter på kroner 0,-
  • Du kan kun heve prisen med 10 øre
  • Det kostar ei avgift å legge inn bud

Det høyres enkelt ut, men kombinasjonen av mange små bud og at det koster pengar å legge inn eit bud, er eksplosiv.

I fleire eksempel oppnår nettselskapa ei forteneste på ein halv million kroner på å selge ein einaste mobiltelefon eller ein flatskjerm-tv.

Gullgruve

NRK Forbrukerinspektørene fortalde i går om ein Iphone som enda med ein sluttpris på 3000 kroner, noko som er halv pris av utsalgspris i butikk. Her vil deltakarane i auksjonen ha lagt inn ikkje mindre enn 30.000 tiøres-bud.

Bidit hankar i dette eksempelet inn frå 6 til 45 kroner pr. bud. Det betyr frå 180.000 til 1.350.000 kroner alt i alt. For å selge éin enkelt mobiltelefon.

IPAD tjent inn på en, to, tre

Ipad ble lansert 27. januar 2010

Den nye Ipad'en ble lansert i går kveld.

Foto: Marcio Jose Sanchez / Scanpix/AP

Kor mykje dei til slutt ender opp med å tene på å selge Apples nye Ipad, vil bli avgjort av kor mykje håpefulle budgjevarar er villige til å by for å sikre seg det allereie mykje omtala lesebrettet.

Også i dette eksempelet tener Bidit frå 6 til 45 kroner for kvart tiøresbud som blir lagt inn.

Det betyr altså at Bidit har tjent minimum 4602 kroner hittil når IPAD-auksjonen er komen opp i 76,70, og dét uten at auksjonen er avslutta.

IPAD skal i følge Apple koste fra 499 $. På Bidit sin nettauskjon er veil. pris satt til 4699,-. Den summen har altså Bidit allereie snart tjent inn.

- Tilfeldigheit avgjer

Tom Staavi, redaktør i Dine Penger, er av dei som skuldar nettauksjonar som Bidit for å vere lotteri.

- Her er ingen form for innsyn. "Auksjonarius" kan i teorien sjølv legge inn fiktive bud for å dra prisen opp og manipulere budrunder. Oddsen for å vinne ein budrunde virker liten og tilfeldig, hevder Staavi.

Han meiner Kulturdepartementet tok feil då dei nyleg valgte å godkjenne denne forma for nettauksjonar, og dermed såg vekk frå Lotteritilsynet sine innsigelsar mot at dette dreier seg om ulovlege lotteri.

- Godt samvit

Thomas Jacobsen, styresekretær og talsmann i Bidit, seier at dei forheld seg til Kulturdepartementet sitt vedtak som sler fast at dei driv ein lovlig auksjon.

- Eg forstår ikkje kvifor ein ikkje skal ha godt samvit sjølv om ein driv god butikk, seier Jacobsen til NRK.

I butikken til sommeren

Foreløpig er det ikkje satt nokon nøyaktig lanseringsdato for når IPAD kjem i handelen i Norge. Mest truleg skjer det i juni eller juli.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)