– Ingenting som hastar i hagen no

No kan du endeleg slappe av og nyte hagen din. For ein gongs skuld er det ingenting som hastar.

Hengekøye i hagen

Endelig er det tid for å slappe av i hagen.

Foto: Michele Constantini/PhotoAlto / Colourbox.com

– Du kan fint la mykje vere i fred no. Det er få ting som absolutt må bli gjort, seier Tommy Tønsberg frå Hageselskapet og redaktør for Norsk Hagetidend.

Perioden med gjødsling og luking av ugras er over for dei fleste, og det er no på tide å nyte hagen sin.

– Grønsaker og bær står berre og veks, prydbusker er gjødsla og frukttre er tynna før sommaren, plenen er reinska for groblad og løvetann, og staudane står i fred i blomsterbedet, seier Tønsberg til NRK.no.

Gressklipping

Det er ikkje så farleg om graset får vekse litt i sommar.

Foto: Hermans Patrick/ScanStock

Tommy Tønsberg i Hageselskapet

Du kan ta det med ro i hagen no, seier Tommy Tønsberg frå Hageselskapet og redaktør for Norsk Hagetidend.

Foto: Hageselskapet

– Lat graset gro

Oppspiste kirsebær på tre

Nokre ting kan framleis vere lurt å få unnagjort. For eksempel kan det vere greit å få lagt ein netting over buskene dine før fuglane et opp bæra.

Foto: Colourbox.com

Det beste rådet Tønsberg har til hageeigarar i sommar er å ta vare på plenen sin - ved å la han vere i fred.

Det gjer ingenting at graset blir for langt, fortel han.

– Nokre gjer ein kraftinnsats for å sleppe å klippe for ofte. Det beste rådet mot ugras er derimot å ikkje klippe plenen for kort. Om du gjer det blir graset svekkt, og ugraset får meir sol og vatn, og veks betre, seier Tønsberg.

Dessutan kan graset bli misfarga og brunt om grasstråa blir for korte og det blir mykje sol og varme.

For å unngå det, bør du ifølgje Tønsberg ikkje klippe graset kortare enn 4-5 centimeter.

– Det betre å heller klippe lite og ofte, seier han.

Småtteri om sommaren

Det same gjeld for andre plantar i hagen også, som no skal vekse og bli større.

Om ein absolutt vil gjere noko i hagen no, er det nokre ting ein kan gjere, ifølgje Tønsberg.

  • Tidlegblomstrande busker og tre skal ein beskjere like etter blomstring, men sidan Noreg er eit langstrakt land, er dette noko ein sjølv må vurdere når ein har behov for å gjere.
  • Det er snart tid for bær. Det betyr at ein kan dekke til bærbusker med netting for at ikkje fuglane skal stikke av med alt før det er klart for plukking.
  • Gi litt gjødsel og vatn til sommarblomar i potter og balkongkassar for å få god vekst.

Treng du ein ny blome på balkongen eller ein ny hekk i hagen? Få alle tipsa i Planteguiden på NRK.no!

TV og radio

Norsk livsstilserie. Bergensjenta Anne Gunn Rosvold har lenge hatt ein draum om å bu i ein husbåt. No vil ho få bygd ein moderne bustad som ho kan ta med seg på tur. Å realisere draumen om sitt eige hus, er både spanande og krevjande. Programleiar Frode Søreide har følgt seks norske familiar frå byggeprosessen startar til draumehuset står ferdig. (2:5)
Medisinsk kunnskapslek. 
Hvem er best til å gjette hva det feiler ekte pasienter? Vanlige folk med nettbrett eller leger med sin erfaring og kunnskap? Hvordan går det når de rutinerte legene utfordres av et familielag? Programleder Kjetil Røthing Askeland. (8:8)
Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.