NRK Meny
Normal

I denne kofferten ligg ei månadslønn – så mykje tener vi eigentleg

72.000 kroner er faktisk ei gjennomsnittleg månadslønn for barnefamiliar i Norge. Sjekk i kva fylke månadslønna er høgast her.

Maja Teenage Boss

Maja Hille (16) fra Ski er med i tv-serien Teenage Boss. Her sitter hun med foreldrenes månedslønn i en koffert, tilsammen 71.000 kroner etter skatt.

Foto: Jorunn Solberg / NRK

I kofferten over ligg det 71.000 kroner, som er månadslønna til Maja (16) sin familie etter skatt. I NRK-serien «Teenage Boss» tek Maja kontroll over familien sin økonomi i ein månad.

Reaksjonane på den store kofferten med pengar lét ikkje vente på seg:

– Kan ikkje vere noko problem å vere pengesjef med så mykje i kassen. Kva med å lage eit program med meir "vanleg" inntekt?, skreiv til dømes ein sjåar på Facebook.

Maja sin familie er faktisk under gjennomsnittet i forhold til liknande familiar i Norge. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at gjennomsnittslønna i Norge er 72.600 kroner i månaden for par med barn under 18 år.

Dette er høgare enn snittet frå «Teenage Boss», der deltakarfamiliane i snitt har 67.200 kroner i kofferten etter skatt.

Se: Nettserien om Maja i Teenage Boss

Se: Teenage Boss i nett-tv

Sterk lønnsvekst

Majas koffert med penger frå Teenage Boss

Kofferten med foreldrenes månedsinntekt i «Teenage Boss».

Foto: Teenage Boss / NRK

– Eg veit ikkje kvifor mange trur deltakarfamiliane i «Teenage Boss» tener mykje. Men eg har sett fleire spørjeundersøkingar der eit stort tal trur at gjennomsnittslønna i Norge ligg på 350.000 kroner per år, seier Magnus Selven i Skandiabanken til NRK.

Dette svarar til gjennomsnittslønna i dei dårlegast betalte yrkesgruppene i Norge.

– Den økonomiske situasjonen til familiane i «Teenage Boss» er ikkje uvanleg. Det begynner å bli ganske vanleg å ha god råd, seier Selven.

Jon Epland i SSB seier at nordmenn har hatt ein sterk vekst i inntektene dei siste åra:

– Dette er først og fremst fordi lønningane har økt så mykje. Ein «typisk» parfamilie med barn under 18 hadde for eksempel 40 prosent høgare inntekt etter skatt i 2015 samanlikna med det tilsvarande familietype hadde i 2000.

Dei rike dreg opp

Epland seier også at ved bruk av gjennomsnittstal kan hushaldningane med dei høgaste inntektene trekke tala oppover.

– I 2015 var det for eksempel svært store aksjeutbytte som vart mottatt av nokre få hushald. Sjølv om dei er få, påverkar dei likevel gjennomsnittstala til alle norske hushald sidan beløpa er så store.

Dette ser ein igjen i tala for ulike deler av landet, der Oslo og Akershus har snitt på over 80.000 kroner i inntekt i månaden, medan mesteparten av landet ligg på eit snitt under 70.000 kroner i månaden.

Laster innhold, vennligst vent..

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.