Hundeslede i vinterland

Snøen skvett under dusraud himmel når spannet susar forbi. 14 halar strekkjer seg forventningsfullt når fartssignalet kjem.

Hundespann
Foto: Nils Arne Sæbø / NRK

Bli med på ein eventyrleg hundesledetur i vintervakre Gausdal i Gudbrandsdalen - sjå programmet i nett-tv !

Lurer du på korleis Ut i naturen blir til?  Bli med bak kamera under opptaka til programmet!

Eldsjel

Vi er med Trond Ørslien på tur, den unge hundefantasten som byggjer heile livet sitt rundt hundegarden og sledeturane. 24 alaska huskyar er nøye avla fram for å gje det perfekte hundespannet med styrke, uthald, fart og godt lynne.

Kvifor han gjer dette? For den ultimate naturopplevinga og mestringa av naturkreftene.

Barneleik

Hundesledekøyring er ikkje berre for vaksne barskingar – Trond får jamnleg besøk av to gutar i bygda på 6 og 9 år som vil trene.

Mykje har skjedd sidan det første, litt skremmande møtet med dei energiske hundane, og i kveldens program skal gutungane for aller første gang køyre hundespann heilt åleine!

Bålkos
Foto: Benjamin Hjort / NRK

Røyepilking

Fersk, heilstekt røye pakka i aluminiumsfolie og godgjort nede i glørne på kveldsbålet – høyrest ikkje det heilt greit ut? Vi kom forbi eit islagt, aude vatn på turen, bora hol og slapp uti snøret… resultatet vart ei ny, sanseleg oppleving.

Ulv og rype

Medan programleiar Monika Blikås susar innover Vestfjellet med 14 menneskekjære hundar i spannet, prøvar reporter Hanne Aass å nærme seg hundens skye og lunefulle slektning ulven i Langedrag naturpark.

Kari Toft er ute med fuglehund for å finne ryper og sjekke korleis dei overlever vinteren.

Hundesledetur
Foto: Benjamin Hjort / NRK

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)