Hopp til innhold

Hugs dette før du isbadar

Isbading er populært. Her er fem ting du må tenkje på første gongen du hoppar uti.

Isbading

Mikkel Løwe og Sunny Sharma hoppar ut i iskaldt vatn. Sjå videoen lenger ned i saka.

Foto: SU THET MON / NRK

Mikkel Løwe (21) og Sunny Sharma (21) er blant dei som har teke turen ned til Sørenga i Oslo for å isbade.

Løwe har alltid likt isbading. No har han lyst til å utfordre vennen sin til å ta ein dukkert.

Sharma er skeptisk, frys og hakkar tenner.

– Eg har aldri bada i så kaldt vatn før, men trur ikkje det skal vere så ille, seier han.

Gutane hoppar ut i Oslofjorden. Sharma skrik. Løwe tek det litt rolegare.

Ei undersøking viser at 1 av 8 svimar av første gongen dei isbadar. Derfor er det viktig å førebu seg godt før du hoppar uti.

Isbading

Det kan vere lurt å ta med eit ekstra handkle som du tråkkar på når du kjem opp frå vatnet.

Foto: SU THET MON / NRK

Hugs dette før du isbader

Skal du isbade for første gong? Då er det viktig at du veit at kroppen din toler det, slik at du ikkje svimar av.

1. Førebu deg ved å dusje i kaldt vatn nokre veker før.

2. Ikkje bad åleine.

3. Ikkje bad for lenge.

4. Skift til varmt ulltøy med ein gong du kjem opp.

5. Unngå isbading viss du har lungesjukdom, hjartesjukdom eller er gravid.

Det er rådene frå lege Jan Magnus Aronsen. Han er førsteamanuensis i Seksjon for fysiologi ved UiO.

Kva er det lurt å hugse på før du hoppar uti kaldt vatn?

Kva er lurt å hugse før du hoppar uti kaldt vatn? Foto/red: Ida Laingen/Merethe Åsegård.

Er isbading sunt eller usunt?

– Isbading gir meg så mykje glede og energi. Ein føler verkeleg at ein lever når ein er uti vatnet, seier Løwe.

Når du hoppar i iskaldt vatn vil kroppen prøve å spare på varmen. Blodet vil gå frå huda der varmetapet er størst og inn til dei sentrale organa.

isbading

– Både sirkulasjonen og pusting vil endre seg. Nybyrjarar vil hyperventilere nokså kraftig, seier lege Jan Magnus Aronsen.

Foto: SU THET MON / NRK

– Når du kjem opp igjen av vatnet vil du frigjere endorfinar, kroppens eige «lykkestoff», seier Aronsen.

Isbading kan vere sunt nettopp fordi du får denne gode kjensla og ei sosial oppleving.

– Mange isbadarar opplever òg at dei er sjeldnare forkjølt, uten at man heilt veit kvifor. I tillegg kan dei få ei raskare forbrenning av karbohydrat i kroppen, seier han.

Motsett kan det vere usunt fordi utrena isbadarar kan svime av av det kalde vatnet.

Det er òg ein studie som tyder på at isbadare kan ha noko auka risiko for hjarte- og karsjukdom over tid​.

– Men desse studiane er for små til å seie noko sikkert om det er sunt eller usunt å isbade, seier han.

Isbading

Gutane har fått i seg nok lykkestoff for i dag. No må dei kle på seg ulltøyet før kulda smyg innpå.

Foto: Su Thet Mon / NRK

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)