Først tykte eg det var nifst å vere der. Å drive ut demonar er heilt grunnleggjande hos dei brasilianske pinsevennene.
Det seier teologen, historikaren og politikaren Berge Furre som nyleg har vitja Sør-Amerika. Der har han studert ei rørsle som kallar seg "Guds rike si universelle kyrkje" som har hovudsete i Rio de Janeiro.
Han var på gudstenester og møte der fleire tusen menneske var samla på ein gong. Dei kristne i den 3. verda har ein annan måte å leve ut si kristne tru på enn dei kristne i Europa.
Det er intense kroppsrørsler, fokus på økonomisk velstand, og utdriving av demonar. Det høyrer meir med til regelen enn unntaka, seier Furre.
På ein stad eg var, gjekk hjelparane rundt i salen og såg korleis folk på møtet tedde seg. Dersom det såg ut som nokon trong ei hjelpande hand, så gjekk ein medhjelpar bort til vedkomande, "tok på" hovudet og nakken hans og snakka med dei og spurde dei kva problemet var.
Da kunne det hende at nokon fall om på golvet. På scenen kunne folk vere i transe. Det kunne vere så dramatisk at det såg ut som ein slåsskamp mellom den som var besett av djevelen og predikanten.
Det kunne også bli diskusjon mellom djevelen og predikanten. Den som hadde demonen i seg, kunne endre ansiktsuttrykk og sjå annleis ut. Stemma kunne kome heilt ned frå magen, og ei kvinne kunne til dømes få ei mannsliknande røyst, seier Berge Furre.
Da kunne det bli ein diskusjon mellom djevelen og predikanten. Predikanten spurde om kva vondt djevelen hadde gjort vedkomande.
Da kom det fram at djevelen hadde gjort vedkomande både sjuk og arbeidslaus. Og det heile kunne ende med at demonen forlet vedkomande og kom ut. Da klappa forsamlinga og prisa Jesus, som har dreiv ut den vonde.
Først vart eg skræmd, men eg også vart frigjort for demonar inni meg, seier Berge Furre. Det står i Bibelen at når ein demon blir driven ut, så kan andre demonar kome inn igjen og fylle "tomrommet". Og eg trur ikkje om meg sjølv at eg er fri for synd, ser han.
Eg opplevde mange gonger at predikanten kom bort til meg og tok meg på hovudet og nakken. Det var gode og varme hender, og eg opplevde at dei ville meg vel. Eg er ein nøktern mann, så eg fall ikkje til golvet. Det er nok litt framand for min lutherske ståstad, men likevel forståeleg ut frå deira situasjon.
No breier denne form for kristendom seg - også til Europa, - og eg er ingeressert i å følgje utviklinga til denne form og uttrykk for kristen tru, seier forskaren Berge Furre.