Hopp til innhold

Høgt og lågt med Cecilie Skog

Cecilie Skog er verdas fremste kvinnelege natureventyrar. Ålesundskvinna har som den einaste kvinne i verda vore til topps på alle sju kontinent og dessutan nådd både Syd- og Nordpolen.

Cecilie Skog trivst framleis på kortare turar til Sukkertoppen i heimbyen Ålesund, sjølv om rekordkvinnar blant anna har vore til Topps på Mount Everest og nådd både Sydpolen og Nordpolen.

I Ut i naturen 12. desember blir det både glimt frå toppekspedisjonane og møte med Cecilie i den vakre Sunnmørsnaturen. Ho fortel blant anna om kva ho saknar på dei lange ekspedisjonane og om drivkrafta for stadig nye rekordturar.

Sjå programmet i nett-tv: Ut i Naturen med Cecilie Skog

Ingen helt

Ho gjekk til Nordpolen i rekordfart i ned til 51 kuldegrader og har klatra til topps over heile verda. Ekspedisjonane har kravd spesiell fysisk og mental styrke og dessutan tålmod og atter tålmod. Cecilie Skog vil likevel ikkje vere helt. Rekordar er ikkje drivkrafta, men gleda over å vere på tur, fortel ho. Cecilie Skog finn glede i mykje i naturen. Alt frå panoramautsikten frå dei høgste toppane til småturar der ho ser på blomster og luktar på tang og tare, set ho stor pris på. Under oppveksten i Ålesund blei den sterke naturinteressa vekt. I programmet tar rekordkvinna oss blant anna med høgt og lågt i Sunnmørsnaturen.

Kvinner og menn

Cecilie Skog seier at ho ikkje legg ut på dei lange turane for å bevise noko. Men ho vil gjerne at andre kvinner skal sjå at det lar seg gjere å meistre ekstreme forhold og store høgder. Cecilie Skog toler ekstreme høgder godt og er svært godt trent. Løping, klatring og padling er favorittaktivitetane. Nesten all trening skjer ute i naturen.

Blant favorittplassane til Cecilie Skog er Molladalen i Ørsta på Sunnmøre. Eit amfi av spisse tindar omgir den vakre dalen

Kystmenneske

Sjølv om turane til verdas høgste fjell er blant det som har gjort Cecilie Skog kjent omtalar ho seg sjølv som kystmenneske.-Eg kunne aldri ha budd i innlandet i Noreg, seier ho.

Draumar

På turane til Cecilie Skog kjem idéane om stadig nye ekspedisjonar. Trass i rekordane ho har sett og alle turane ho har vore på er draumane og planane mange. Blant det 32-åringen drøymer om er å dra verda rundt på vikingskip, saman med sambuar Rolf Bae. Paret deler den sterke naturinteressa og han er ofte ekspedisjonskamerat. I programmet opplever dei ein forsmak på den store draumen.

Kontakt

Dersom du ønskjer meir informasjon om programmet ta kontakt med

· Terje Dale, redaktør for Ut i naturen, tlf. 91532430 eller

· Oddbjørn Skarbøvik, programansvarleg, tlf. 915 11130

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)