Hopp til innhold

Slik taklar du sinne hos deg og barna i koronatida

Syn forståing for barnet sitt sinne er rådet frå ekspertane. Blei du kjefteforelderen i staden for? Sei unnskyld!

Et barn tegner sinte voksne og sinte barn

RASANDE FORELDER: Et barn teiknar ein familie med ein sinna voksen. Sinne er ein følelse mange ikkje liker, men den er både naturleg og nødvendig, forsikrar psykologar.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

Koronapandemien har påført oss meir stress. Samstundes held mange skular og barnehagar stengt, eller stengjer tidlegare enn vanleg. Vi går meir oppå kvarandre, noko som kan føre til kortare luna og meir sinne.

Høgnakken barnehage i Nordbyen i Molde

STENGT: Ein barnehage med lapp om at barnehagen er stengt på grunn av koronasmitte. I fjor var alle landets barnehagar stengt og sidan har mange barnehagar heldt stengt ved mistanke om eller oppdaga koronasmitte.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Psykolog og forfattar av boka «Sinte barn, sinte voksne» Anne Hilde Vassbø Hagen understrekar at sinne som oftast er ei sunn kjensle.

– Det er den kjensla som gjer at vi kan stå opp for oss sjølv, dersom vi, eller nokon vi er glad i, blir behandla dårleg. Det er ei form for sjølvhevding som er viktig å ha.

– Men kor mykje sinne er eigentleg vanleg?

– Ganske mykje sinne er vanleg hos små barn og hos tenåringar, men dersom barn er aggressive og utagerande ofte og over tid, då kan det vere lurt å ta ekstra tak, seier Hagen.

Anne Hilde Vassbø Hagen

VANLEG: Psykolog Anne Hilde Vassbø Hagen seier at ganske mykje sinne hos barn og tenåringar er normalt.

Foto: Cecilie Bannow

To typar sinne

Hagen skil mellom to typar sinne.

  • Klassisk sinne: Ein normal og sunn reaksjon på grensesetjing eller til dømes urettferdig behandling
  • Kamuflasjesinne: Manglar ofte ein logisk grunn til å bli sint og kan kome ut av det blå. Barna viser sinne, men eigentleg ligg det ei anna kjensle bak

Men uansett sinne er det viktig at barnet får stadfesta at det er greitt å vere sint. Dette kallast validering og fungerer som ein slags tryllestav, ifølgje Hagen.

– Til dømes kan du seie følgjande til det rasande barnet: «Klart du vart sint når du ikkje fekk bestemme...»

Og greidde du ikkje dette under kampens heite i morgonrushet, men kjefta i staden?

– Be om unnskyldning og ta ansvaret for situasjonen utan å kritisere barnet, seier Hagen.

Psykolog Aksel Inge Sinding

RAUSE: Psykolog Aksel Inge Sinding meiner foreldre må huske å vere rause med seg sjølv. Sinne blant vaksne er også naturleg.

Foto: Julianne Leikanger

– Må vere rause med seg sjølv

Ein av dei som kjende barnehagenedstenginga i fjor på kroppen er psykolog og forfattar Aksel Inge Sinding. Han har skrive boka «Klok på følelser» og jobbar med foreldrerettleiing.

– Plutseleg var vi heimekontor og barnehage på ein gong. Eg var kjempeirritabel. Men det er heilt naturleg å reagere i ein slik situasjon, og i den augneblinken vi klarer å anerkjenne det, så er det lettare å stå i det.

Han peikar på at det er viktig å vere raus med seg sjølv som forelder og tenke at det er OK at også vaksne blir sinte.

– Dersom vi ikkje klarer å støtte oss sjølv i botn, kan det fort eskalere i oss òg. Då byrjar vi å skamme oss og så er vi redde for at vi skal bli sinte igjen, det kan skape ein vond sirkel i familien.

Også han slår eit slag for ei vel gjennomført unnskyldning frå den vaksne.

– Faktisk er det betre å dumme seg ut iblant enn aldri å gjere feil, seier Sinding.

Forsking viser nemleg at det er meir utviklingsfremjande for barn at foreldre gjør feil og reparerer halvparten av gangane, enn at dei gjør nesten alt riktig.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)